- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
97

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

BONDESTUDENTAR

97

yvi Andlite hans. „Nei!" sagde han med sitt
Basun-Maal; „det gjer eg aldri!" Og daa Daniel vilde vita
Grunnen til dette sagde Sven: „det skal ikkje De
heller gjera. Dei trur oss ikkje!" Den raude Skuggen
kom sterkare att og vart liggjande.

Daniel forstod Guten og vart skamfull; Sven Dufva
hadde Rett. Haugum sagde sidan det same; kunde
dessutan fortelja, at den som lagde seg sjuk vart sidan
strengare yvihøyrd; det var daa best aa halde ut, so
sant ein kunde. Daniel drog ein tung Sukk og sagde
at han fekk freiste aa halde ut daa.

Og han heldt ut. Men paa Slutten kunde han ikkje
lesa. Naar han sette seg til med Boki, so berre svimra
det for han. Ikkje torde han taka Kinavin heller
lenger; Haugum hadde sagt at det var faarlegt.

So fekk det staa til. Han hadde i det siste havt ei
Von um aa faa Laud; han hadde gjort det godt i fleire
Fag, og i Historie og Geografi vilde han hava 1, 1.
Men no fekk den Voni fara. Naar han ikkje fekk lesa
paa Fransk og Tysk, so kom dei Fagi til aa øydeleggje
Laud’en hans i alle Tilfelle.

Forunderleg nok gjekk det godt i Tysk og Fransk.
Og no var han trygg paa Laud. Han gjekk og
hugga seg med aa tenkje paa, kor glade dei skulde bli,
dei som hadde hjelpt han fram, og kor staut det vilde
vera aa kunna skrive til Inga Holm: „Student med
beste Karakter"; men so gjekk det gali i Historie og
Geografi, — dei einaste Fagi han kunde. Til
Yvihøy-rar fekk han ein gamall Vrangpeis, som spurde um alle
Slags Ting som ikkje stod i Boki, og spurde paa slik
ein underleg og urimeleg Maate; og til Domsmann fekk
han sin gamle Historielærar fraa Latinskulen, Robert
Djevelen. Dette sidste var det iser, som gjorde Guten
fortumla. Robert Djevelen var han rædd; og daa so
Yvihøyraren gav seg til aa vera vrang, kom Daniel
reint utav det. Han svara burti Hytt og Ver og stod

Laud: Ros verd.

7 — Garborg. I.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free