Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
137- BONDESTUDENTAR
Betala skulde han so snart han fekk Huslærarpost;
ingin skulde bli snytt. Og ein Post maatte han vel
kunna faa, han som andre. —
— „Det er sant, du skulde ikkje kunna vera av med
ein Dalar eller tvo for ei Tid? Eg skal ha nokre Pengar
av ein Mann; men han hev narra meg, og eg er so i
Beit!" So paa Lag lydde den Leksa som Daniel no eit
Bil livde paa. Med sviktande Tunge og raudnande
Andlit las han ho upp: han visste han laug, og han
visste at han ikkje var velkomin. Men . . . naar han
var nøydd til det, so —; og inst inne var det ein
halv-tenkt Tanke som skaut Skuldi yvi paa Vaarherre.
Paa Fyrilesningane gjekk han oftare enn fyrr; det
sparde paa Veden. Um Ettermiddagen sat han for det
meste paa Kaffikjellaren. Der var det varmt; og der
raaka han Folk; stundom vanka det 01; og i Bladi
kunde han sjaa etter um der var „noko aat honom".
Det var der ikkje; men so hadde han daa Samvite fritt.
Paa Universitete var det ein Dag utlyst ein ny
Huslærarpost, og Daniel vreid seg ved Tanken um, at den
laut han vel søkje. Men daa han las etter saag han, at
Huslæraren skulde kunna Engelsk, og det kunde ikkje han.
So var ikkje der noko aa gjera. Og ille var det.
Men det kunde vel snart koma eitkvart som var likare.
I Framsflokken møtte han ofte upp; det var so fritt
i det Lage. Og mykje var der aa høyre. Fram var
noko reint for seg sjølv; Daniel var stundom mest rædd
han. Han sagde det han meinte beint ut; og um ein
lika det eller ei, høyre paa det maatte ein. Men
uvyr-din kunde han vera; ikkje minst forarga vart Daniel
naar han tala um „Studenterhumbugen" og
„Latin-Tulle". „Dei snakkar um halvstuderte Røvarar," sa
Fram; „men maa tru, kor det finst mest av deim.
Kva kann vera meir „halvstudert" enn alt dette Humbug
som driv upp til Andre-Eksamen og kann snyte til seg
ein Tvoar eller Einar i Filosofi f. Eks. Ja, det er feite
Filosofar. Dei lærer Filosofien paa eit Par Dagar, og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>