Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
138-
BONDESTUDENTAR
so gjeng dei upp. Svarar dei noko som dei tenkjer
sjølve, so gjeng det Skit; men svarar dei noko som
dei slettikkje skynar, men hev lært i Boki, so er alt godt
og vel. Eller i Astronomi. Me kjenner alle desse Kultane
som kjem stupande i Graalysingi upp til Manuduktøren
og skal pugge inn nokre Formlar, som dei snyter dei
stakkars einfalduge Professorane med. Dei fær store
lange Uppskriftir, som dei lærer eit Par Timar fyriaat
og gløymer eit Par Timar etterpaa og aldri meir ser
paa. Kor finn me i Live so mykje Sprett og Spjaak
som hjaa Studenten? Inginstad. Gakk ut aa sjaa paa
dette unge Livshaap upp og ned Karl Johan, med Kjenk
og Vrid og Kast med Augo, med Glas paa Nasen, med
Stav i Hand, med klint Haar, med Dusk i Huva, med
Vott paa Hand, med Spjaak og Sprik som kvar Mann
kann sjaa er deira Livs Maal. Gakk ut um Kvelden,
daa dei ferdast paa Utkantane og i Krokane og paa Husi;
— og alle desse skal ein Gong ut og preike Gudsfrygt
og Sedelegheit og Lydnad mot Lovi. Gakk ut um
Kvelden og sjaa paa alle desse Juristane som tergar
Politie og vert førde paa Raadstogo og mulktera; og
desse skal vera dei som skal halde Lovine uppe. Og
heile denne Tomheit, og Tomheit paa Tomheit, den skal
Bonden betala; og so gjeng dei endaa og slær paa
Nakken og fryner med Nosi og snakkar um raabarkede
Bønder og halvstuderte Røvere og segjer, at det er dei
som sit inne med Kulturen!" — Slikt hadde Daniel
aldri høyrt Maken til. Det kunde vel vera eit og anna
sant i det; men — segja det! Og segja det paa den
Maaten!
Men naar Fram tala um den sanne Studenten og
hans Gjerning, daa kunde han tala so vent, og attaat
so klaart, at Daniel vart sitjande reint einstird. Der
var ei forunderleg Magt yvi denne Ungdomen; han
var eldfull og harm som ein Profet, og sterk og rik i
Ord som ein Diktar, og tankekvass so det lynte um
han. Og Augo var so reine og varme, og Andlite so
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>