Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
140-
BONDESTUDENTAR
dette trøysta han seg med, at Fram var Mann for aa
verja baade seg og sine, um det kneip.
Det var mange Slags Folk som gjekk her, og ymist
Skrap. Var det ein Arming som var komin paa Kant
med Verdi og inkje aatte og ingin hadde aa halde seg
til, so kom han gjerne til Fram; og Fram kunde aldri
segja nei, men laante sine Skillingar burt til kven som
bad, og kravde deim aldri tilbake. Paa den Maaten
sanka han um seg ein underleg Hop av Vrak og
Villstyringar, som fylgde han som ein lang Skugge; men
dette var ikkje „Klikken". Klikken var ein liten utsøkt
Flokk av Idealistar, Bystudentar og Bondestudentar um
kvarandre, ein modig Fylking som trudde paa Tanken,
elska Framtidi, hadde Fridomen til Tru, Bjørnson til
Skald, Fram til Rudningsmann, det nye Norig til
Her-Rop; norsk-norske var dei paa Kar, og europæiske paa
Kar; det var den beste Ungdomen i Norig.
Av Kjenningar raaka Daniel Hærland og Gregus
Johnsen, sidan Aslak Fjordan, Markus Olivarius, Halvor
Mosebø og Sven Dufva. I „Klikken" vart Daniel lagd
Merke til og stundom tekin med, av di Jens Rud hadde
store Tankar um Guten; men dei Tankane hadde Jens
Rud fraa Verbror sin, Kapellan Hirsch. —
— Det leid til Joli; Daniel hadde fikta seg ihop ei
heil Gjeld. Livemaaten hadde vori skral, og han hadde
svolti meir enn ein Dag; men han hadde daa paa ein
Maate berga seg.
No tok det til aa knipe. Den eine etter den andre
av Kjenningane for fraa Byen. Og med brennande
Skam hadde han gaatt etter at dei heldt seg ifraa han
i seinare Tid; eit Par hadde beint ut sagt, at dei ikkje
kunde laane ’n fleire Pengar. Han kjende seg meir og
meir arm og forkomin. Sistpaa, daa Joli stod for Døri,
og han ikkje visste nokon annan aa gaa til, gjorde han
seg hard og gjekk paa Fram. Det var det verste han
hadde gjort; men han gjorde det. Og han fekk ein
Dalar. Daa den var uppetin gjorde han seg uvyrdin
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>