- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
155

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

155- BONDESTUDENTAR



um sine vonde Dagar, um Svolten og Naudi; og so
um Sjukdomen som hadde lært han aa vende sine
Tankar til . . . den rette Hjelparen; og no hadde han
berre eit Ynskje, sagde han: eit Grand Arbeid, so han
kunde faa fraa seg Andre-Eksamen og so taka til med
det, som alltid hadde vori hans Tanke: Teologien.

Pater lika Guten. Her var paa nytt ein av desse
friske, uskadde Bonde- og Barnenaturar med den rike
Gaava til aa tru og elske; her var paa nytt ein Mann
av Folke driven ut av Aandi til Herrens Krig. Han
spurde kvifor Daniel hadde valt Teologien. Vilde han
bli Vitskapsmann? — Aa nei, so høgt hadde Daniel
ikkje tenkt; han vilde vera Prest. — Kvifyr det? —
Jau, han hadde alltid funni at det maatte vera ... ei
stor Livsgjerning ... aa forkynne Orde. — Hadde han
kjent noko serleg Trong til aa arbeide for Guds Rike?
Hadde han nokon Gong rett kjent Sanningi av dei
Herrens Ord, at Hausten var stor og Arbeidarane faae?
-— Det kunde sjaa ut som her var Arbeidarar nok, heldt
Pater fram; men, sanne Arbeidarar, Arbeidarar som
arbeidde med Kall og Kjærleik, av deim var her faae,
syrgjeleg faae, og Hausten, ja den var stor nok; for
her laag eit heilt Folk, eit herlegt, kraftigt Folk, med
Herrens Gaavur i forunderlegt Maal, som skulde
sankast inn i Lødo hans. Daniel saag paa Pater med
Høgvyrdnad; Pater tala seg varm.

Han drøymde stort um Norigs Folk, og kunde aldri
koma burt fraa den Trui at Vaarherre hadde valt det
ut til ei herleg Gjerning i Rike hans. Dei store
Kul-turfolki som her var so mykje Tale um, deim trudde
han ikkje stort paa; dei var alle meir eller mindre
skadde og merg-etne av Sedløyse, Sjølvvise og Vantru;
men det norske Folke stod ungt og friskt, med si
trygge Barnetru og med heile si Kraft; og naar Gud
her lagde si Signing til, som han visselig vilde, og
som han alt paa so mange og merkelege Maatar hadde
vist at han vilde, so skulde me faa sjaa kva han kunde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free