Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
157- BONDESTUDENTAR
og Hjarte-Ufred han hadde røynt, so lengi han vandra
paa dei Vegar! Men no hadde han funni heim att til
Faderhuse; og no var han so sæl. „Og tenk: han var
so arm at han knapt hadde Klæde paa Kroppen; og
kann De gjeta kva han bad um? Ikkje um Pengar,
ikkje um Mat, ikkje um Klæde, nei; men um ein B
i-bel!" — Daniel sat med Augo i Golve og skjemdest
som ein Hund; „det er merkelegt," sagde han. „Ja,
det er forunderlegt," heldt Pater fram i si djupe Glede.
„Men so er det: naar Gud fær Tak paa ei Sjæl, so
vert alt anna verdlaust; berre Freden med Gud, berre
Orde fra honom vil Sjæli hava; og fær ho det, so hev
ho ikkje Lyst til noko paa Jordi." — „Ja, det hev eg
kjent," mulla Daniel ustødt. Pater reis upp og stappa
i Pipa. „Aa ja Gud skje Lov og Takk!" sukka han;
„han veit aa finne oss, han; og han veit Raad med oss.
Haa! haa! Me gjeng og innbiller oss at me er so kloke
og vise; men han lærer oss aa sjaa, at all vaar
Visdom er Daarskap, han!"
Pater kveikte Pipa og slog inn i ein annan Tone.
„De tenkte paa at De vilde hava Arbeid, var det ikkje
so, kjære Ven?" sagde han. Jau, dersom der var Raad
til det, svara Daniel, so vilde han meir enn gjerne.
Pater sette seg att.
„Hm, det er forunderlegt," sagde han med ein logn
Smil, „eg hev nettupp ein Post som kunde høve for
Dykk. Der kann De sjaa! Vaarherre er aldri raadlaus.
Det er ein Huslærarpost upp paa Lande, i ei fager
Bygd; — eg trur ikkje Posten er burtfest. Vil De
eg skal høyre etter?" Daniel sagde so mange Takk.
„Ja, eg skal gjera det," svara Pater. „Eg tykkjer det
er som Vaarherre sjølv hadde sendt deg ... Du er
just den, eg her kunde hava Bruk for. Høyr, du
kjenner Student Bentsen?" — „Ja; godt." —„Det er ein
merkeleg ung Mann ... so sterk i Trui, so ærleg i
sin Dom yvi seg sjølv . . . Ikkje sant?" — Jau, det
var vist so. — „Kva er det for andre Studentar, du
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>