Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
179- BONDESTUDENTAR
sin morosame Maate um Jolegrisen, som vaare gjæve
Fedrar steikte heil og aat med Tolekniven og drakk
Porsøl til; og naar dei var mette, kasta dei Beini
i Hovude paa kvarandre. Og kom dei rett i
Godlag, so bar det ihop med Øksir og Sverd; det var
„mye til Julemoro". Petersen fortalde Jolesegnir som
han sjølv lo aat; Proprietæren priste Upplysningi;
Student Stensrud fortalde um Folketruir: uppi Fjellbygdine
trudde dei paa underjordiske Soldatar som hjelpte
Nord-mennane naar det var Krig; det var dei som gjorde at
Svenskane alltid skaut for høgt; dei gjekk usynlege
fram imot dei svenske Soldatane og lyfte Byrsepipune
deira upp naar dei skulde skjote; Daniel totte Segni
var fager. Men Storr sagde at han aldri hadde høyrt
noko so norskt: liggje paa Latsida og lite paa Trollhjelp.
Lensmannen vilde likne denne Segni ihop med den
gamle um Holger Danske; og det var vel ikkje fritt
for at Danskarne for nokre Aar sidan enno so smaatt
hadde trutt paa den Segni. „Hi-hi; ja kor var Holger
Danske i 1864?" lo Petersen. „Han var vel klok og
heldt seg heime liksom me," svara Becker. Kremting
kring Borde; so eit stutt Ordskifte, som slutta med at
me var der me skulde vera i 1864. Daniel undrast;
var det fint aa meine so no?
Dei livde godt der dei sat; Godlage vaks. „Apropo!"
sagde Proprietæren, „kor hev gamle Jokum det i desse
Dagar?" Aa, Jokum hadde det bra. ,,Je traff ham
for no’en Dage siden," sagde Becker; „Far aa je var
ute en Tur med Jaabæk . . ." „Medjaabæk!" skreik
Petersen, „med Jaabæk!" ropa Fru Storr, „med
Jaabæk!" ropa heile Borde; „ja," svara Becker rolegt,
„med Fars Hest." Stor Laatt; Fru Storr skreik „Uh";
Knutzon dømde at gamle Byraasjef Becker var en quick
patron; Viborg trudde at Jaabæk burde faa vita at han
no stod paa Stall hjaa ein Byraasjef; „ja, det burde
han, Jaabæk plage meg!" lo Herr Petersen, som og
kunde vera løgleg. Fru Storr hadde vondt av Hesten,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>