- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
200

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

200

BONDESTUDENTAR

sine Setningar, heldt Daniel fram kva Motpartie meinte;
„so og so segjer dei; kva skal ein svara til det?" —
og so lét han sistpaa Proprietæren vinne. Dette gjekk
godt. Daniel var i Grunnen leid av den Politiken.

Til Byen lengta han meir og meir. Kvar Dag saag
han etter i „Borgeren", um der kunde vera nokon Post
aat han der inne. Men det saag smaatt ut. Um der
var noko, so var det anten for stort for ein Student
med Haud, eller for smaatt til aa Hva paa. Han tok
til aa drøyme um Lias i Amerika. Kannhende raaka
den Slampen upp-i eitkvart der; fann Gull i Kalifornia;
gifte seg rik; og so sende han ein god Dag heim ein
Veksel, ein stor Veksel . . . Det var forunderlegt at
Lias ikkje hadde skrivi enno.

Jau; ein Dag skreiv han. Daniel saag
Amerika-stempilen og reiv Breve upp med bankande Hjarta.
Lias fortalde at han hadde sliti mykje vondt og havt
„mange Slags Forretningar", men at han no var komin
i Ro for det fyrste og lika seg godt; for no hadde han
fengi fast Post og var Fjos-Kar. Daniel grein; vart
baade flat og lang i Andlite. Fjos-kar! Og so skreiv
den Slampen so modigt som han skulde ha funni Gull
. . . rødde um Politik; um den amerikanske
„Fridomen" ; her var so fritt her, skreiv han. Ja visst.
Det skreiv dei alle. Det var noko Tøv. Her var
Skam Fridom nok i Norig med; den, som berre hadde
Pengar . . . Daniel lagde Breve ifraa seg;
Amerikavekselen var nok ikkje noko aa drøyme um.

Dess meir drøymde han um Byen og um den
formelle Daning. Ein Ting kunde han skaffe seg strakst
som vilde hjelpe paa det formelle, meinte han; og det
var Brillur. Han tok til aa jamre seg yvi at han vart
veik i Augo; og daa Proprietræen reiste til Kristiania
i Marknaden, fylgde Daniel med til aa søkje Raad
for dette; og Brillur fekk han. Det hjelpte svært.
Brillune tok burt noko av det godslege i Andlite, lagde
ein kald Glans yvi det, som gjorde det strengare; Daniel

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0210.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free