Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
BONDESTUDENTAR
201
spegla seg og fann ut, at naar han no berre fekk større
Skjegg, so skulde ingin kunna sjaa at han hadde vori
Bonde.
Paa denne Byferdi fekk han sjaa att eit Par gamle
Kjenningar. Han sat ein Kveld inn paa ein
Hotel-Kafé saman med Student Stensrud, Endre Storr og
Knutzon; so kom det nokre Karar og sette seg ved eit
Bord nære ved og gav seg til aa drikke Toddy; ein
av deim var ukjend; dei andre var Aslak Fjordan,
Gregus Johnsen og Strand. Dei var visst alt paa ein
Lette; og noko fjonge saag dei ikkje ut; Daniel snudde
seg ifraa deim; i hans Lag no vilde dei ikkje høve.
Storr sat med ein Raudvinpjolter og lagde ut um, at
Marknadar var ein Uskikk; Knutzon lagde imot, og
Daniel totte han hadde rett gode Grunnar. Men
endeleg rauk Knutzon; kunde ikkje klara seg mot Storr.
Daa fortalde han rolegt, at det han her hadde sagt,
det hadde han fraa ein Mann som Grosserar Lampe;
og ein skulde daa tru, at den Mannen visste kva han
sa. Hm, so slike Folk og kann vera usjølvstendige!
tenkte Daniel; han lika seg. Men at dei hadde Mod
til aa vera ved det!
Storr dreiv paa med Nasjonaløkonomi. Han banna
Bøndane, som hogg ut Skogane sine og dermed øydde
sin eigin og Landsens Kapital; men kannhende maatte
me bli Fant, so me vart nøydde til aa lære aa arbeide.
Det me helst hadde livt paa fyrr, Skogen, Skipsferdi,
Fiske, det var for mykje Lütspél, gjorde oss til
Drøymarar, lærde oss laak Moral. Der gjekk Folk burtetter
Havkanten og sette alle sine Spareskillingar i
Skips-partar eller Fiskedrifti; slog det godt til, so tente dei
Pengar og sette dei i andre Skipspartar; gjekk det so
gali, so ramla heile Stasen; og dei stod att med tvo
Hendar tome; det var ei Griindung utan Underlag; det
maatte ende med Armod. Men det verste var, at det
øydelagde Framtak og Viljekraft. Folk lærde seg til aa
lite paa Slumpelukka; vilde bli rike i ei Snøggvending,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>