Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
BONDESTUDENTAR 205
„Rud hev fortalt meg, at du sidan i Sumar hev vori
Huslærar paa Lande; og der veit eg du hev samla deg
og komi til Klaarskap um det som maa vera Grunnen
i Live ditt," skreiv han. Og han heldt fram: „Eg vil
av Hjarta vone, at du hev berga Barnehugen din gjenom
Stræve; for du veit, at det er Barne som eig
Himil-rike. Og iser held eg meg trygg paa, at du hev haldi
deg fri av Byvase, denne tome, hole „formelle Daning"
eller kva dei kallar det; du var ein for varm og ægte
Natur til, at slikt skulde kunna bergtaka deg. Du hev
set so mykje av Bylive, at du veit kva det er verdt.
Kaate Munnar og kalde Hjarto; Smaamoro for Aalvor,
Vitsar for Visdom, Dans ikring Gullkalven og Aping
etter aandlause Motar istadenfor eit Liv i Kjærleik og
Kraft, — det er i faae Ord Kjennemerki paa dette Live
som dei vil skal gjelde for det høgste; eg vil ikkje tala
um alt det som løyner seg attum Stasen, og som helst
ikkje er nemnande. Kvar aalvorleg Tanke drep dei
med Laatt; deira Livs Tanke er: lat oss eta og drikke,
for i Morgo døyr me.
„Eg gløymer ikkje det som er godt og fagert i Byen;
der er baade Kunst og andre Ting, som kann lyfte og
gleda Aandi, og der vil alltid vera mange aa finne,
som liver eit sant Menneskeliv midt i Tomleiken og
Staake. Det eg talar um er det, som me serleg kallar
„Bylive", dette Live som gjer Folk til Pyntedokkur og
Dansemeistrar og drep Liv og Aand og Aalvor i eit
endelaust Jag etter Fjas, og tømer Folk so reint for all
aandeleg Merg, at dei sistpaa ikkje kann hava andre
Meiningar og Tankar enn deim som er paa Moten. Og
det vil du kjenne til likso godt som eg. Nei, — som
eg trur eg paa min Maate lærde deg: Mannen er
Gudskjelov anna enn ei Parykblokk eller uppklædd Dokke,
og Live er noko anna enn aa kunna danse godt og
vera Løve i ein Balsal. — Og det er det største, eg
hev lært her paa Landsbygdi: at kor armt og skralt
og ofte ufagert „Folkelive" kann taka seg ut for den
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>