Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
206
BONDESTUDENTAR
som ser det „ovanfraa" gjenom Lorgnettar, — det er
daa det, som eig mest av Sanning og Aalvor og
Hjartelag; det er daa det som er det rikaste og sannaste
i Grunnen. Her er lite Form, men dessmeir Innhald;
det er klaare, klingande Malmen, ein her finn; Yta
er kald og myrk, men under den gøymer der seg Gull,
Hjartegull. Her maa me byrja; her maa den arbeide
som vil vera med paa aa vekkje Folkeaandi i Norig.
„Du vil hava set, at eg i desse Aar hev havt mykje
aa staa i. Eg hadde tenkt meg Folke annarleis i den
Tidi daa eg laag og drøymde i Kristiania; mang ein
Gong hev eg vori paa Veg til aa gjeva Trui upp. Det
hev set meg ut til, at Folke ikkje berre var
dvale-bundi, men steingjengi under all denne Uaand,
Mat-stræve paa den eine Sida og Pietismen paa den andre;
at det var staalsliti og utlivt, reint magtlaust av det
lange Marerid. Men ettersom eg hev lært Folke liksom
personlegt aa kjenne, hev desse myrke Tankane tint
burt; eg skal, um me ein Gong raakast, kunna fortelja
deg mangt um dette. Mykje leidt hev eg set; men
meir Hjartegull hev eg funni. Og det tidt der ein
skulde ha venta aa finne alt anna enn Gull.
„Men eg hev meir og meir lært aa sjaa, at den rette
Maaten aa vekkje Folke paa, det er ikkje aa sende
Bonden til Byen, der han ofte vert utskjemd og
gløymer baade „Moders Maal og Faders Skik"; nei; Bonden
maa vera Bonde, og faa Daning — sann Daning,
Aands- og Hjartedaning — paa heilt upp heimsleg Grunn.
Difor hev eg ikkje hjelpt andre enn deg til aa studere;
eg hev heller sendt deim paa Folkehøgskulen. Denne
er det største og fagraste som er uppkomi i Norderlandi
i heile vaar Nytid; og den vil gjera eit Verk — fyrst
og fremst her i Norig —, som framande Folk og
komande Ættir skal undrast yvi."
Kapellanen agta seg til aa byrja ein Folkehøgskule
sjølv um eit Aars Tid eller so, fortalde Breve; han
kunde ikkje faa gjort so mykje som han vilde naar han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>