Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
212
BONDESTUDENTAR
Men verre enn verst var det, at Bystudentane fann
seg i dette Bondevelde, ja gjorde Krus for Bøndane
attpaa. Det gjekk so vidt, at der var Bystudentar som
lagde seg etter aa sjaa ut som Bendar sjølve. Daniel
saag seg leid paa dette. Skulde det halde paa soleis,
so vilde det snart ikkje vera noko framifraa aa vera
Student. Alle desse Bondegutane drog Studenterlive
ned; Folk vilde snart ikkje vyrde Studentane meir enn
andre Seminaristar.
Punsen gjorde seg drjug; og daa han endeleg kom,
var han ikkje drikkande. Det var Sukkervatn.
Russetala hadde noko av det same. Der var mykje søtt
og lite sterkt; mange Blomar, men lite til aa læ aat.
Det meste var fagre Ord um Studenten som var
„Folkets Søn", og Studenten som var „Bærer av Ideen";
Russen helsa alt dette med vill Eldhug; Daniel hadde
so nær sjølv vorti rivin med; men so hugsa han i rette
Stundi, at slikt vilde upplyste Folk kalle Frasur.
Og det vart verre og verre di lenger det leid. Det
var ein som tala for vaare „folkelege Stormenn", som
var „Utslag av den norske Folkeaand"; dei løyste det,
som laag „bundet i Folket", og var Folkeførarar,
Fol-keskaldar, Folkekjempur, Folkefrelsarar. Ein annan
tala i svimrande Ord um „Nordens Aand", som var
alt og var god til alt; so kom det ein og tala for
Folkehøgskulen, som var „Datter av Nordens Aand";
denne Skulen skulde vekkje Folke og løyse Folke og
spela Folkeprinsessa ut av Havmannens Vald; men
Havmannen var Materialismen. Sistpaa kom det ein
ung Bygut upp og tala paa „Maalet"; daa vart Daniel
baade skamfull og arg. Han lika ikkje aa høyre denne
Bondelaaten i godt Lag; og naar ein fyrst med Slit og
Slæp badde arbeidt seg upp or Bondelive, so vilde
ikkje han vera med og støype seg ned i det att. Han
reiste seg og gjekk ut i eit Siderom. „Eit Live! fyre
da’ norska Maalet!" skreik Maalstrævaren; „Hurra!
Hurra! Hurra!" svara Salen; Daniel meinte dei var galne.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>