Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
BONDESTUDENTAR 21
sant var. Han kunde forsvara kvart Ord, han sagde
— for nokon Ljugar vilde han ikkje vera; — men han
maatte undrast sjølv yvi kor godt han fekk det til.
Sjølve Haud’en til Artium klara han fint; og daa Fru
Storr sagde at Haud var ein god Karakter, og at Bror
hennar heller ikkje hadde meir enn Haud til Artium,
vart Daniel so fornøgd at Augo hans lyste gjenom
Brilleglasi. Fru Storr saag seg glad paa desse Augo; dei
var so djupe og trufaste, totte ho. So fortalde ho han,
kor glade dei hadde vori i han der heime paa
Stensrud ; daa ho serskilt nemnde Hanna, gjorde ho det paa
ein slik Maate at Daniel vart raud. Fraa den Stundi
tottest ho kjenne hans Hjartans Løyndom; men Daniel
tottest likso tydeleg vita, kvar han hadde henne i den
Saki. —
So gjekk han i Russelage. Der skulde det nye
Studenterlive hans byrja; og han spaadde seg ein
herleg Kveld millom den grøne Ungdomen. Men han
kom snart etter, at Russen i Aar ikkje var som
Russen i hans Tid. Det var Leven og Staak i Kveld
som daa; men der var ikkje slik Glede i det. Og det
som skulde vera morosamt, vart ofte etter hans
Meining faami. Han undrast paa dette eit Bli; fann
sistpaa ein Grunn: det maatte koma av, at det i Aar
var so mange Bondestudentar.
Han kjende dei Karane berre han saag deim. Og
han lika deim mindre og mindre. Dette tunge og
breide i Rørslur og Andlitsdrag, dette, som han fyrr
hadde trutt var Kraft, — det var ikkje Kraft; det var
„Raaheita". Bystudentane hadde ikkje noko sovori,
men kunde vera like kraftige for det. Og det verste
var, at Bondegutane no saag ut til aa gjera seg til av
Raaskapen sin. Dei gjordest paa aa vera Bøndar;
det var tilmed dei som gjekk bondeklædde. Og so
gjekk dei og glodde paa Bystudentane og paa alt som
fint var, med ein Storsnut so ulidande . . . Daniel fekk
sjølv merke dette, og vart baade harm og heit.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>