- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
244

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

244

MANNFOLK

vart fulle. Det skulde gleda honom, um alt vilde gaa
nokorlunde skikkelegt heilt til Slutten; men han hadde
sine Tvil. Den Aand som gjekk gjenom
Arbeidar-samfunde no, den var ikkje av det gode.

Han hadde for ei Stund sluppi fraa Kona si. Her
stod han no og drog i sitt brunraude Skjegg og glodde;
og Augo hans tok smaatt um Senn til aa glinse under
Gullbrilleglasi.

Det var Galoppade; Salen tok seg ut som ein Sjø i
Smaatoppar.

Han var i denne Stundi ein Mann paa sine 36 til
37 Aar. Men Dansen og Stimen og Gleda drog han
med seg, so han meir og meir gløymde kven han var,
og lét Djevelen paa ein reint uforsvarleg Maate faa
Magti med sine Tankar.

Han fylgde med Augo desse lange Radir av
Ungmøyar, der dei svimra av Stad paa dansande Føtar som
i ei søt Ørske; han saag dei unge Barmane, halvt løynde
og halvt synte av nette, lette Kjoleliv; han saag kvite
Halsar yndefullt bøygde; han saag fine ungdomsfaste
Mjødmir voggande i Dansen, trufast fangtekne av djerve
Mannsarmar, liksom Dansen skulde vara til æveleg Tid;
han saag smaae, haarfagre Kvinnehovud, som kvilde
seg søteleg inn til Aksline av sterke Mennar, og Andlit
som glødde, og halvopne Munnar i glad, løynsk
Smiling, som visste Møyane med sjølve-seg, at det var dei
som bar Livsens Løyndom, og at dei nok kunde gjera
Gutane sæle naar dei berre vilde. Men Gutane heldt
sine Gjentur inn-til seg trygt og godt, og svinga av
Stad med deim so stolteleg som visste dei vel, at
det kom nok den Stundi daa dei glade Møyane
vilde. Og Hornmusiken rulla i varme Tonar, jagande
heile denne Elskhugssveimen som Vinden jagar det
ville Hav.

Det tok til aa suge under Bringa hans som ei Sorg,
at han ikkje var ung og ikkje kunde vera med. Han
skulde gjerne ha svinga seg med ei som henne der, ho

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0254.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free