Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
MANNFOLK
245
som knapt var utvaksi enno, ho med det svarte Haare
fritt ned-yvi Ryggen, med Augo som straala av Ungdom;
eller med henne der, den brune, varme, i djupt brunt
Fløyel, ho som dansa so vent at ein vart hugtekin berre
av det; eller med henne der, den bleike, ho med den
aalvorsame Munnen og desse lett uppdregne, kjælne,
nervøse Aksline, som gav slik Lyst til aa falle henne
um Halsen. Aa, der var so mange. Dei kom svivande
fram som Synir, den eine lokkande, den andre meir
lokkande; det var Synir av det Slage som Djevelen
sende, naar han vilde faa Mennane til aa synde.
Kandidat Braut braa-vakna. Burt-i den andre Sida
av Salen, inn-under Treve, saag han Kona si, stakkars
snilde, halvgamle Hanna. Ho leita etter Mannen sin;
han visste det nok. Det var ikkje anna fyri enn aa
lata seg finne.
Han gav seg i Veg med eit tungt Sukk. Herre Gud,
no hadde Djevelen vori etter han att. Aa, at ein skulde
vera so veik i sitt Hjarta. Gift Mann —.
Naa! jaso? So den Karen stod her og luska? Det
var svært. Den Gutungen?
Daniel Braut vart harm. Han kom farande til Kona
si og fortalde, heilt raud i Kamben, at han hadde set Kruse,
Studenten, han som budde heime paa deira eigin Kvist,
Laurits Kruse ja, nett han, Gutungen, Gutekvalpen,
ikkje turr um Øyro endaa; hadde set denne Gutungen,
denne Kvalpen, gaa her og luske paa Arbeidarball og
sjaa etter Tausir. Fru Hanna vart reint forundra; ho
hadde sjeldan set sin snilde Daniel taka seg ein Ting
so nære.
Men ho gjekk med paa, at dei gjerne kunde hava eit
Auga med Guten i Kveld. Det vilde vera vondt for
han, um han skulde koma ut-i noko; og dei hadde
dessutan Andsvar for Presten Broch, daa det var denne
som heldt Kruse fram til Studeringar.
— Student Kruse, vesle Laurits som han heitte
millom Kjenningar, brydde seg lite um Vertsfolke sitt i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>