Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
246
MANNFOLK
Kveld; han hadde anna aa tenkje paa. Han hadde set
att Dagmar Dyring.
I Vaar, daa han saag henne fyrste Gongen, paa desse
Ettermiddagsfyrelesningane til Professor Sars, hadde
ho ikkje vori stort meir enn Barne. Men dette Barne
med dei mjuktstraalande Augo og Huldrehaare ned-yvi
Akslir og Rygg hadde vesle Laurits huglagt. Utetter
Sumaren hadde han drøymt mykje um Dagmar Dyring;
ja i sjølve den Tidi daa han laag i Valdris med
Morbror Broch, Presten, og gjekk og leid vondt for den
Tenestgjenta hans, hadde ung Dagmar vori hans stille
Draum. Men i det siste hadde ho bleikna noko burt
for han. So var han komin hit i Kveld, innhjelpt av
sin „flotte Fætter" Georg Jonathan; og noko av det
fyrste han her skulde sjaa, det var Frøken Dyring.
Sidan hadde han set paa henne.
So mykje han kunde daa; for i ei Folkemengd som
denne var det ikkje greidt. Verst var det daa ho tok
til aa danse. Laurits var ikkje so høg som mange
andre, og kor han kom var det stødt nokon i Vegen.
Men han heldt ut. Han stod og tøygde seg paa Taa
etter ein Skimt av henne, sveita i Folkestimen, pusta
Dumbe og brend Gasluft so han vart turr i Halsen;
men det gjorde ikkje noko; og daa han endeleg hadde
arbeidt seg fram til ein god Plass, i fyrste Radi av
Glaamarar, var der ikkje den Magt paa Jordi, som
skulde kunna faa han herifraa, — tenkte Laurits.
Det glødde upp i han, kvar Gong han saag ung
Dagmar vinne seg fram or Dansestimen, liksom ei Stjerne
lyser fram millom drivande Skyir. Kva dei andre vilde
her, naar ho var med, skyna han ikkje rett. Dei kunde
vera smaa-vene og nette og ikkje ille; men om det so
var Julie Lindner, ho kunde ikkje staa seg, naar ho
kom paa Sida av Frøken Dyring.
Ho var Dronningi; det var ikkje Spursmaal um det.
Laurits var rædd han kom til aa elske henne for
Aalvor. Det var ikkje berre det at ho var so ven; det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>