- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
248

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

248

MANNFOLK

Skjegg, veldug Bass; anna til Kar enn ein litin Filolog
. . . Laurits var ikkje i Lag lenger.

Han vakna av aa høyre Bjølsviks Bass syngje upp;
og rare Ting vaaga den Bassen seg fram med.

Ja! „Kvindens Underkuelse", ja! Naar dei skulde
vera nøydde til aa . . . klæde seg „saadd’n heller lett",
lettare enn her i Kveld, Gubbevars, um det skulde vera
fint, — for so og so mange framande Mannfolk som
gjekk og saag paa denne Utstelling, og so dei skulde
hoppe rundt i ein stor Sal halve heile Nætane i
Armane paa kven-som-helst, til dess dei ikkje var anna
enn Vaskefillur, — so kunde ein vel tala um „Kvindens
Underkuelse"?

Bjølsvik saag vill ut.

„Undskyld," sa Frigstad med Uttale fraa Sunnmøre;
„jeg ska gjøre opmerksom paa, at Frøken Dyring ikke
danser med hvemsomhelst."

Bjølsvik sette eit Par Augo paa Fyren; det var Eiter
og Mord og Brand; Laurits kvakk og trudde det vart
Slagsmaal. Men Dagmar gav Frigstad Armen, og dei
gjekk inn i næste Rome, so det vart ikkje meir av.
Bjølsvik sat etter og knurra som ein Bjørn, myrk um
Augo, sveivande paa Munnskjegge.

Her var ikkje Moro lenger. Laurits stod upp og
drog seg utigjenom; han tenkte paa aa gaa. Kva skulde
han her? Han vilde heim og leggje seg.

Daa han kom ut paa Midgangen, raaka han Dagmar og
Frigstad. Dagmar var bleik og saag trøytt ut; Frigstad
stod og saag seg ikring, liksom han søkte Rettleiding.

„Undskyld," kom han farande, „er Di kjendt her?
tror Di at —; naa, vi er visst forresten Dus! Takk for
sist du! Længe siden, hva? Hvordan staar til? Godt?
Javel. Si mej Di, si mej du, er der et Dameværelse
her; eller er Bestyrelsesværelse disponibelt? Denne
Dame er lidt træt, og — undskyld; det er Frøken
Dyring; Herr. Studiosus theologice" — „filologiæ"; retta
Laurits; „undskyld, det er saa længe siden; men som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0258.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free