- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
257

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

257

som blømde so lindt, og med den svarte Haarflaumen
nedyvi Ryggen. Men ho var som Huldri; ein vart
kald naar ein kom henne nære.

Han maatte hava ei som var kjærleg og varm. Ei
som var mild. Som var heilt ut Kvinne.

Fann han ikkje ei som han kunde elske, so greidde
han ikkje Tilvære sitt.

No var han 21 Aar gamall. I fem seks Aar hadde han
livt i pinefull Saknad, stridande seg igjenom fraa Dag
til Dag. Men det vart allstødt verre. Mindre og
mindre kunde han staa imot. Han vart galin. Mang ei
Natt laag han og totte det tok til aa svive rundt for han.

Kvar Dag gjekk han og vona: i Kveld finn du henne;
og um Kvelden: i Morgo finn du henne. Men han
fann henne ikkje. Og um han fann henne, torde han
ikkje trive til.

Alle andre elska og trulova seg og hadde Eventyr
og livde. Hans Ungdom gjekk burt i berre Sakning og
Sut. Han kom til aa trega desse Aari so lengi han
livde.

Det var so det grét i han etter ei som han kunde
taka i Arm, kjæle for, kjæle seg inntil; som han kunde
draga inntil seg i langt Fangtak, og kysse, og som
drog honom inntil seg, djupt inn i varme Armar, so dei
kunde kyssast, kyssast, Munn til Munn, sugande, lengi,
med heite Ord, med brennande Blod. Øre, sjuke
Elsk-hugsord skulde han kviskre henne, heile si forpinte
Sjæl skulde han leggje fram for henne; og ho vilde
forstaa; og ho vilde halde av han. Og det var myrkt;
og dei saag ikkje kvarandre, berre drog seg inn til
kvarandre, varme og sæle; og dei gløymde alt; og ho
kviskra kyssande med mjuk Munn: eg er di; gjer med
meg som du synest.

Fyrr han visste Orde av, var han midt uppi desse
vonde Draumane som pinte han so tidt, og som gjorde
at han stund-imillom vanka umkring som i ei tung Ørske
eller som ein Mann med sjukt Samvit, rædd for Gud

17 — Garborg. I.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0267.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free