Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
270
MANNFOLK
Georg Jonathan, som vart gjesta av Laurits oftare enn
fyrr, sa: „jeg vædder Gutten er kommen i Orden jeg."
Og han drog i sine velstelte Whiskers og smilte. Det
kunde ikkje vera for inginting at vesle Laurits var i
so godt eit Lag og tala um Kvinnfolk i slik ein blasera
Tone; det maatte ha hendt noko; og Georg tottest ikkje
vera i Tvil um kva det var.
Berre no Guten hadde Vit til aa sjaa seg fyri. Slike
skikkelege Fyrar som inginting visste, og som hadde
livt innestengt i lang Tid, dei rauk til Helvite merkeleg
lett, naar dei ein Gong slepte seg lause.
Det var ein Sundagskveld; dei fylgdest uppetter Karl
Johan og saag paa „den ville Jagt". Det var mange
Kvinnfolk ute, og endaa fleire Mannfolk; og Kvinnfolki
„trakk", og Mannfolki „slog an"; Svarmen drog seg
upp og ned paa baae Sidur av Gata som lange myrke
Straumdrag. „Her er Liv, her," sa Laurits; han gjekk
og saag paa desse Kvinnfolki, so dei stundom trudde
han vilde tala til deim; stana dei daa, snudde han
Ryggen til deim og lo.
Lat vera det, sa Georg. Det er ikkje for Moro dei
gjeng her og driv; det gjeld Matbiten til i Morgo.
Laurits vart aalvorsam; so sa han halvt for seg sjølv:
det er fælt i Grunnen.
Daa fann Georg Høve til aa „præke Moral" for
Guten. Han sa som so, at det var ikkje so fælt som ein
skulde tru; det var berre „Skuggen av det kristelige
Ægteskap". Og ein fekk brüka dei Raadir som baudst.
Men det galdt aa vera kjend paa Verdi; ein skikkeleg
Fyr kunde koma ut for mangt, dersom han ikkje visste
aa agte seg. „Blir du kjed av din Dyd nogen Gang,
Laurits," slutta Georg, „saa kom og ta dig et Kursus
i Usædelighed hos mig! Det er en Videnskab, det
ogsaa, maa du vide." „Pyh!" blés Laurits, „alltid tror
du jeg er saa dum, du. Tror du kanskje ikke jeg ved,
hva jeg gjør?" — „Ja-ja, ja-ja; bare du ved det, saa."
Det vart ikkje meir av det med Moralpreika. —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>