- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
271

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

271

Nils Bugge og Jørgen Holmeland, som var
Medfilo-logar og sers Venir av Laurits, var so skikkelege, at
Laurits ikkje med sin beste Vilje kunde faa deim til
aa taka Mistankar. Holmeland kunde ein sjeldan Gong
segja som so: „nei, naa synes e’ rikti du blir saa
lei i din Mund, Laurits"; og Nils Bugge sa ein Kveld,
men berre paa Moro: „heretter skal du ikke hede vesle
Laurits, men vesle Don Juan." Men elles tenkte dei
berre paa Filologi og Fyrilesningar, og var so keide som
syndefrie Folk jamt vilde vera, — meinte Laurits.

Naa; for honom kunde det vera det same. Han
hadde ikkje so mykje Bruk for Venir no. Den som
var aaleine og leid av seg, so var det vondt aa vera
deim forutan; men det var merkelegt som ein vart
sterk og trygg i seg sjølv, naar ein hadde ei som heldt
av ein; heldt av ein heilt ut. Og det um det ikkje
var so rart til Gjente heller dessmeir.

Det hende seg ein Dag, at han kom yvi Diktboki si,
„Samlede Digte af L. B. Kruse". Med ein litin
Kaldflir um Munnen slog han Hefte upp og bledde i det;
mest alle Versi hadde Titlar som: „Tunge Tanker",
„Ensomhed", „Længsel", „Paa Kirkegaarden", „Hende
jeg saa". Laurits rusla burt til Omnen og slengde
Boki paa Varmen. Og han sat paa Huk framfor
Omns-døri og saag med letnande Hjarta paa, at hans „Samlede
Digte" vart Oske.

Nei; leben und lieben. Dersom dei gjorde det alle,
vart det visst faae som skreiv Vers. Live var det einaste
som der var Meining i. Og Live leika rundt oss paa
alle Kantar, so det berre galdt aa trive til.

Verdi var ikkje myrk for andre enn deim som stengde
seg inne. Laurits kunde ikkje lenger finne at det var
noko vidare i Vegen med Verdi. Han saag klaar Dag
kvar han snudde seg. Der var sümt som ikkje var
som ein kunde ynskje; men ein klara seg alltid.
Berre ein hadde ei som heldt av ein, og heldt av ein
so at ho gav seg heilt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0281.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free