- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
275

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

275

aa gjera med. Heretter vilde han ikkje sjaa henne.
Laatst som ho ikkje var til. Aldri eit Ord til henne.
Aldri eit Augnekast. For honom skulde ho vera Luft.
Luft! Det var endaa vel, at han hadde lært henne
aa kjenne i so vidt god Tid.

Stort fleire var ikkje Tankane hans; men som eit
Humlebøle surra dei rundt i hans arme Haus, rundt,
rundt; alltid dei same, uppatt og uppatt, til han vart
reint trøytt. Aldri i Verdi hadde han tenkt slikt um
henne; men no visste han kven ho var; og no aldri
meir ein Tanke paa dette Menneskje som han hadde
dikta um til ei Kvinne. —

I fleire Dagar heldt dette paa.

Helene laut læ med seg sjølv, naar ho saag kor
aal-vorsamt han tok det, Studenten. Han var nok svært
taapin i visse Ting. For henne kunde det elles vera
det same. Det vilde vera godt um det vart slutt no;
enno trudde ho ikkje det var hendt noko. Men han
kom nok snart att; og so vart det det same; ho visste
um det. Mannfolki heldt aldri lengi ut; og Kvinnfolki
var snilde og faavise. Og so gjekk det ut yvi deim
til Slutt for det meste.

Um nokre Dagar vart det Semju att; dei skulde hava
det som fyrr. Men det vart ikkje som fyrr. Ho kunde
vera so blid ho vilde, so var ikkje han den same; og
det vart verre og verre ettersom Dagane gjekk. —

— Det hende seg av eit Tilfelle i denne Tid, at Laurits
Kruse fekk sjaa att Dagmar Dyring.

Han hadde ikkje tenkt ofte paa henne sidan sist.
Det var berre vondt naar det Minne kom; og det
kjendest ut til, at Draumen um henne snart skulde vera
døyvd og drepin.

Han venta aa faa høyre at ho hadde trulova seg
med Bjølsvik eller Frigstad eller kvensomhelst. Han
skulde taka det rolegt. No visste han, at det berre
hadde vori ei Innbilling. Naar det leid so langt at
han kunde tenkje paa aa gifte seg, og det vilde vara

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0285.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free