Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
276
MANNFOLK
eit Bil, — so fann han seg vel ei som var meir etter
hans Hovud enn Dagmar Dyring.
Men so saag han henne paa Karl Johan ein Dag,
Klokka millom eitt og tvo.
Ho hadde korkje Frigstad eller Bjølsvik med seg.
Ho gjekk saman med Frida Westgaard.
Dagen etter forsømde Laurits Kruse ei Fyrilesning
millom eitt og tvo. Men ho var ikkje aa sjaa den
Dagen.
Næste Gong gjekk det betre. Det var Sundag, og
han hadde Tidi for seg. Fraa tolv av gjekk han paa
Karl Johan. Klokka halv tvo raaka han Georg Jonathan;
denne gav sig desverre i Lag med han. Han skulde
ut og vise sin nye Hatt, sa han; det var ein
„Konkurs-hatt", svært engelsk av Skapelon. „Er den ikke gentil?"
spurde han. „Det er den styggeste je har set dej
med enda," murra Laurits. „Heh!" lo Georg og saag
svært fornøgd ut.
Dei dreiv nedetter mot Storthinge; Georg fortalde um
den nye Tenestgjenta si. Det var den verste han
hadde vori ute for enno; fyrr hadde han skift Gjente
kvar Maanad; no fekk han vel snart skifte
aattande-kvar Dag.
Um ho stal? Javisst stal ho. Men det var ikkje
det verste. Dei stal alle; der var ikkje Raad med
det; det høyrde med til Ungkarsskatten; og den fekk
ein nok betala; „all Frihed koster Flesk," sa Georg
Jonathan. Nei; og ikkje hadde ho svært mange „Fættere"
heller; det kunde vera tvo eller tri; og det fekk ein
segja var moderat. Nei; men Dyre var hysterisk; det
var verre. Ho hadde „Tilfelle"! Kasta med Knivar
og Ølflaskur etter Husbonden sin naar Ridine kom;
„og du kan si hvad du vil, Laurits; men saad’n-noe
er ikke behageli".
Det bar uppetter att. Uppum Universitete; og so
upp Slottsbakken. Der raaka dei Dagmar og Frida;
Georg helsa rolegt og elegant med Konkurshatten.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>