Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
284
MANNFOLK
Bjølsvik treivst ikkje millom dei gamle Kammeratane
sine lenger. Dei sat alltid og rødde um Kunst, dei,
disputera um blaatt eller brunt og var „moderne"; det
vart Bjølsvik leid av. Han var leid av alt. Han sat
helst og seig burt i sine eigne Tankar; letst som han
las i eit Blad, men gjorde ikkje det heller; gav eit av
sine „store Nummer" naar han saag seg Kans til det;
skvatt so upp og gjekk, „forsvandt", so dei visste
ikkje Orde av, fyrr dei saag Ryggen hans i Dørgape.
Men det var ikkje Moro aa koma heim til seg sjølv
heller.
Naar han seint um Kvelden steig inn paa „Bula" si
i „Pultosten", og der var kaldt og svart, og raa Luft
innsett met Tev av Maalarfargar og Tobak, og Lampa
var ustelt, og Omnen full av Oske, og Veggen full av
dei gamle Bilæti, og Golve fullt av Maalarstolar og
Kassur, og Borde fullt av Pipur og Tobak og
Flaskekorkar og Mappur og Papir og Rusk av alle Slag, og han
sjølv maatte leggje i Omnen, og sjølv reide upp Sengi,
som var løynd utturn ein høg Skjerm av Karduspapir,
og so han ikkje hadde anna aa taka til enn denne
daude kalde Boki, so Fanden brodere um han kunde
finne ut, at Verdi var som ho skulde vera.
Det vart gjerne til det, at han sette seg til i fullt
Overty, slik som han kom fraa Gata, tok den Boki eller
det Blade som han maatte hava til aa sjaa paa, og lét
so Tankane sviva som dei vilde; men Tankane sveiv
jamt til den same Kanten.
— Ei Kjering og ein Katt. Det var ikkje stort meir
han kravde av Vaarherre. Men han kom nok ikkje so
langt at han kunde føde Katten dessmeir, langt mindre
Kjeringi.
Henne hadde dei dessutan øydelagt for han.
Slik som ho var den Tid han kom heim fraa Utlande,
so yndefull og so barnsleg, so fin og so frisk, hadde
han ikkje set Maken til Gjente i Verdi. Og han gjekk
i heile Fjor Vinter og var glad i henne og visste det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>