Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
294
MANNFOLK
Dame. Han kunde skrive noko meir Kunstkritik. Og
naar det leid paa, so fekk han ein betre Post.
Aa ja, for den Skuld, meinte Bjølsvik. Tevlingi
millom deim som søkjer Forsyrgjar er so strid, at
snart sagt kven som helst kann faa kva Dame som helst,
berre han hev litegrand aa bjode paa. Gjeng dei ikkje
her i Hopetal; i heile Arméar; store, staute, vakre
Kvinnfolk, fullvaksne og fullmogne; dei stend med
opne Armar og berre ventar, og det er for den Skuld
Synd aa sjaa, kor mange av deim som gjeng og folnar
burt utan Glede og utan Brudeseng. Men slær ein
seg galin og gjeng burt og tek ei av deim, so vert
det sgu annan Dans! Dei kann ikkje Additio og
Sub-tractio, dei Tausine, og ikkje Reguladetri heller, men
godt vil dei ha det; tri Rom og Kjøk er det minste
ein kann bjode deim, og ei Gjente til aa stelle Huse
maa dei ha; og ei Gjente attpaa til aa stelle Ungen
naar den kjem; og so fire Rom istadenfor tri, og so
Dok-tar og Jordmor og Klokkar og Prest og Kyrkjetenar og
Faddrar og Fanden og hans Pumpestokk; ein maa laane
i Banken, skal ein staa i det. Det er ikkje lenger
sidan enn fyrre Dagen; daaraaka eg eingamall Kammerat,
Paal Storm du veit, Zoologen; han er so rik som
tri-fire av oss Konstnera; han hev 400 Dalar fast, ser du,
sekstan hundrad Kronur um Aare, Gut! men no er
Ungen komin; og trur du ikkje Fyren kom til meg og
spurde um eg kjende nokon som kunde skaffe han
Ettermiddagsarbeid? Tosken. Kor gjeng det med
Blad-lusi di daa? spurde eg; aa, eg fær lesa um Nætane,
sa han. Det veit Kjeringi! Men trur du ho finn paa
nokonting? Langt ifraa. Ho læt det staa til ho;
Mannen er Forsyrgjar, og han skal skaffe; skaffe, skaffe,
skaffe, skaffe! Dokka ho sit paa sine Bolster blaa,
ho, og berre krev, krev, krev, meir og meir, og
meir og meir, til dess Fyren ligg der; og so ’tar hun
sig en anden igjen’, ho. Jaudaa! Bjølsvik banna
brennande og av Hjarta.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>