- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
295

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

295

Men det er sant; du skal sova, du Grisen, lagde han til.

Gabriel Gram trudde ikkje han torde, sa han. Det
vart ei vond Innsomning, var han rædd; han kjende
det paa seg. „Ei vond Innsomning?" Ja; det forstend
du ikkje, sa Gram; men det kann vera vondt; ei underleg
Bivring og Skjelving i heile Nerveveven, og so, med det
same ein somnar, gjeng det gjenom Kroppen som eit
elektrisk Slag; og so er ein stiv! Det er som Mareriding.
Men med alt dette fylgjer det slik ein Helvites Otte.

— Du ranglar for mykje.

— Jagu gjer eg det! Men kva skal ein gjera, naar
ein ikkje eig Glede eller Hyggje i sitt Liv? Maa ein
daa ikkje takke til at ein hev Brennevin?

Med ein Gong reiste han seg og sagde at han vilde til
Elise. Ho skulde leggje seg med. han; so vart han
roleg, og so fekk han somne. „Bøckmann kann ikkje
vera der paa denne Tid? Langtifraa." Til Departemente
vilde han sende Bod at han hadde Tannverk. Det tok
seg ikkje ut aa vera sjuk paa ein Maandags Fyrimiddag;
„men Tandpine, for en Fa’n, det maa da gaa an!"

Han fann fram med skjelvande Hendar Penn og
Papir og skreiv ein Setel. So vaska han seg og stelte
seg; fekk ei halv Krone og gjekk.

Bjølsvik sat etter og hadde vondt av Guten. Og av
seg sjølv; og av alle og alt. Med ein Gong mulla han
høgt for seg sjølv: „stakkars Constance."

Gud veit, kor ho klara seg i denne Tid. Ho hadde
aldri vori sterk; den Bringa var ikkje aa lite paa. At
ho aldri kom! Ho kunde sitja Modell for den eine
Gjenta i „Vinterkveld"; jagu kunde ho det. Han skulde
ut ein Kveld aa tala med henne um den Ting. —

— „Kom inn!"

Det var Agent Knoph, som kom, „Fanden", ein litin
svart, nakkebøygd Mann som Bjølsvik alltid trudde
maatte vera ein avdanka Skomakar.

Han var Agent for mange Ting. Men det han tente
best paa skulde vera Kunsten.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0305.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free