Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
298
MANNFOLK
hadde Leidi, vaaga han seg i Veg med ein Stubb
Historie som han tenkte kunde vera upplysande. Det
gjekk godt. Sogustubben viste seg aa vera høveleg og
kom til god Nytte.
Det var fyrste Gongen Laurits hadde havt Bruk for
noko av det han hadde lært; han kjende seg heilt Kar.
Sidan fann han fleire Ting aa segja; og daa dei kom
inn paa Unionsspursmaale — „Kongen faar ikkje Lov
av Svensken at sanksjonere", hadde ein sagt —, var
det Laurits som greidde best ut i Emne, av di han
kunde noko meir enn dei andre um Karl Johan.
No kjende Guten at han hadde vunni eit Rom;
Dagmar sjølv saag ut til aa vera fornøgd med han.
Han fekk eit Augnekast av henne som kveikte han
upp som eit Glas god Vin.
Daa dei skulde gaa, bad Gamlen Laurits koma att
so ofte han hadde Lyst; no ser De paa Lag korleis
me hev det, sagde han. Dagmar hjelpte til: me er ofte
fleire enn i Kveld, fortalde ho; og me disputerar og
hev det hyggjelegt. Laurits sa at han trudde han kom til
aa like seg her. Han saag paa Dagmar og var
aal-vorsam. Ho gav han Handi; den tok han vyrdsamt
imot, som var det den høgste Heilagdom. So bukka
han, sagde Takk for i Kveld og gjekk.
— 1 Jolegaave fekk Laurits Kruse ein ny Klædning
av Fru Broch, og Hatt og Styvlar av Presten.
Han vart eit nytt Menneskje. At Jakka var eit
Grand rom i Halsen gjorde inginting; Skreddaren berre
flutte lite paa ein Knapp eller tvo og sa at det vilde
jamne seg, naar Klædi fekk venja seg til Kroppen.
Laurits kjende seg som høgare i desse Klædi; han
vart so fri og rask og elegant. Og fekk slik ein
Sjølv-vyrdnad. Ein tenkte finare, naar ein var fint klædd.
Naar han sette den breide svarte Hatten lite paa Skakke,
so kunde ein godt taka han for Kunstnar.
Aa, han var so sterk og so glad. Han skulde klara
det utrulege. Bringa hans gjekk høgt av Kraft og Mod;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>