- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
313

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

313

Bertine Lindner, fødd Larsen, hadde vori paa Sigarbu
i Kristiania. Og Fru Hauge drakk Snus; og Bertine
kunde tegja; og so vart dei Venir, dei tvo. Den
Venskapen skulde no prøvast.

Mad. Lindner vilde ikkje ha Dotter si til Teatre; det
var ein utrygg Liveveg det, meinte ho; Julie skulde
bli upplærd til Kone for ein Mann. Lindner maatte
raade, det sagde seg sjølv; og ein kunde taka med so
mykje Song og Plastik og Dans som det vart Tid til;
helst Dans. Men naar Julie vart vaksi skulde ho vera
so stelt, at ho kunde taka imot kva god Mann som
baud seg, anten det no var ein som vilde hava ei Dame,
eller det var ein som lagde mest Lag paa det huslege.

Dei tvo Damune kom til Lags; sidan vaks Julie upp
hjaa Fru Hauge.

Men med Voksteren gjekk det smaatt; Julie heldt
seg liti til ho var fjortan Aar paa Lag. Ho gjekk og
valt millom Teaterfolk og langhærde Kunstnarar so brun
og fornøgd og firkanta som ein liten Kvalp.

Ho var Solstraalen i Huse, sa Diktaren Oskar Bye.
Maalaremne Bjølsvik kalla henne Kattungen sin. Ho
hadde mange Namn; for dei heldt av henne.

Rett som det var gav ho seg til aa vekse, og det
med slik Ihuge, at paa eit halvt Aars Tid kjende dei
henne ikkje att.

Det var knapt nok ho kjende seg att sjølv heller.
Ho vart so rar; ho skyna seg ikkje.

Ho hadde so mange Ridir. Stundom var ho urimeleg
glad; hadde Hug til aa hoppe, spenne ut med Føtane,
velte seg, fara paa Gata og slaast med Gutungar, ride
som eit Mannfolk paa ein usadla Hest, eller um det
berre var ned-yvi eit Tropperekkverk; og det var
langt-ifraa alltid at ho styrde desse Lystine sine. Eller ho
fekk det med Hug til aa skrike, skrike ende yvi seg,
kneggje som ein Øyk, syngje Visur, helst slike som
ho ikkje maatte syngje; dette siste vilde elles ikkje
gaa noko godt; for ho misste so reint Maale. Men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0323.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free