- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
319

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

319

aa spyrja etter sjølv; snart hadde ho Greide paa alt
og bad Julie slaa seg til Ro ; dette var ikkje noko som
Mor kunde gjera noko med. Kva det var daa? —
Det var berre det, at Julie tok til aa naa upp mot dei
vaksne Aari, svara Fru Hauge med ein Smil. Julie
raudna; vart uroleg; kva det var, kva det var for Slag?
— „Det er noko som er so laga," svara Fru Hauge,
„og som alle me Kvinfolk lyt dragast med." Julie
tagna. Aa, at her skulde vera so mykje ugreidt og
gaatefullt ... og stygt! —

— Det leid og det skreid; so kom Konfirmasjonen.

Den hjelpte for ei Stund. Der vart eit Staak og eit
Stræv med aa bu seg til den; og det fyllte henne med
nye Tankar og jaga dei vonde Draumane burt.

Det var helst Konfirmasjonskjolen som frelste henne.
Daa ho etter lang Venting endeleg fekk den paa seg,
og ho so gjekk for Spegilen, viste det seg at ho hadde
fengi ein annan Skapnad.

Vaksin Skapnad. Sped og fin. Men med eit nytt
og eit serskilt Ynde; reint vaksi saag ho ut!

Aksline var eit Grand smale, Mjødmine like eins.
Men der var noko mjukare yvi det heile; og der var
ei Tilemning til Barm, som ho smilte yvi, og raudna;
det var so rart.

Ho var ikkje stygg; Gudskjelov. Me skulde sjaa um
eit Aars Tid. Eller um eit Par Aar.

Og Kjolen sat godt. Den gjorde henne sterk; ho
kjende seg ikkje syndig lenger. Og ho takka Vaarherre
for alt.

Lovnaden um aa tru og vera gudeleg gav ho so
varmt og ærlegt som ho kunde. Men det tinga ho seg,
og det vilde nok Vaarherre finne rimelegt: ho maatte
faa vera eit Verdensbarn til dess ho vart gift.

Etter den Tidi kom ho meir ut; Fru Hauge fekk
henne med i Selskap her og der; og Julie lika seg.
Ho saag so mange pene Herrar.

Kannhende tenkte ho vel mykje paa deim. Men kva

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0329.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free