- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
361

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

361

heile laag Tobaksrøyken graa og døyvande som Ull;
gjenom den stræva Gasljosi og lyste det beste dei
vann, liksom Lyktir i Skodde.

Medisinarane dreiv paa med sitt; fortalde um den
og den som hadde havt Sjukdomen; rekna ut kor
mange Tilfelle det var for Maanaden her i Byen; gissa
paa, kor mange det kunde vera av desse Karane her i
Kveld, som hadde vori ille ute. Og dei unge Herrane
sat og saag morske og likesæle ut, og brüka brutale
Ord og ein kald Tone; for det høyrde med til Fage.
Ein av deim fortalde um gamle „Jokum"; han hadde
vori halv Idiot i sine siste Aar; „men tilslutt fik han
en lys Ide, fandt sej et Rep og hengte sej opp paa
Sovekammervæggen som en gammel Slobrokk". Dei
andre nikka; „resolutt Fyr," sagde dei.

Gabriel Gram kom drivande fraa eit av Smaa-Romi;
gjekk og saag seg ikring, liksom han leitte etter
einkvar; rusla sistpaa burt til Hummelvik. „Du
Hummel-vik?" sagde han; „no kann du jagu laane meg fem Kroner."

Hummelvik stirde med halvdrukne Augo: „Kroner?
— fører ikke Kroner. Fører ikke Kroner. Toskehue."

Men Gram visste at Hummelvik hadde havt Pengar
for eit Par Dagar sidan; kor hadde han gjort av deim?

Hummelvik stirde endaa ei Stund; Tankane gjekk
ikkje fort i Hovude hans denne Kvelden. So tok han
til aa fikte med Hendane og deklamere i Homer-Stil:

„Visselig vil jeg nu i høi Grad sige dig dette, efterdi
du mig derom fritter og spørger. Thi den
guddommelige Skrædder Olsén, end hvilken end ikke nogen
af Guderne er mere fiks til at skjære og sy et Par
Bukser —"

Gram riste paa Hovude; so saag han Georg Jonathan
og gjekk burt til honom; spurde um han maatte faa
Lov til aa præsentere seg. Jonathan reiste seg; dei
namngav seg for kvarandre, svært høflegt. Det var i
Grunnen rart; dei hadde kjent kvarandre i fleire Aar,
men aldri fyrr raaka saman.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0371.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free