Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
366
MANNFOLK 366
Pengar i dette Lande, heldt Bjølsvik fram, so skulde
ein halde Grise-Sirkus, og Loppe-Sirkus, eller vise fram
Lus paa ein Tjørekost; — meir Laatt.
Ein Vinstremann forsvara Storthinge; det hadde ofra
so mykje paa Kunsten som ein kunde vente; serleg
nemnde han Diktarlønine. Ja, Diktarlønir; det var noko
anna, sagde Bjølsvik; dessutan, Diktarar — ;naa! han
forstod ikkje kvifor dei skulde vera so gjæve. Kva kunde
dei? Dei gav seg ut for aa skildre Live; men det
kunde dei minst. Dersom ein Diktar vilde skrive upp
berre det, som var sagt her i Kveld — ja, det hadde
vori tala mykje Ungkarsmaal her i Kveld —, so kom
han paa Tukthuse. Nei; Diktarane, dei kunde skrive
„Schøne Minka" og slikt noko; det kunde dei; men
skildre Live —; ikkje Tiendeparten av det som gjekk
for seg kunde dei nemne. Skildre Live, naar dei ikkje
kunde brüka eit Ord som —; Bjølsvik nemnde Orde.
Skodespelar Hornemann gjekk og svinsa att og fram
i Romi og sulla paa ei Vise; det var ei svensk ei, som
han elles ikkje kunde:
„Uti mina unga dagar
var jag alt en vacker kar,
og ved at lystre dygdens lagar
fick jag se, hur godt det var.
Trala lala, lala, lala —"
So kom han og slog Georg paa Aksli: „Godaften,
Ettermann!" sagde han. „I Dag mej, i Maaren dej"; og
han rusla i Veg att.
„Trala lala, lala, lala,
trala lala, lala, lala,
som Gud vil,
jag står still;
som Gud vil,
jag står still."
Men han kom att. „Vogt Dem!" kvæste han; „hun
er en Hulder! Deilig at se til; aa, deilig; men hul!
Ikke Blod, ser Di! Ikke en Draape Blod.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>