Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
MANNFOLK
365
han høyrde paa med Tolmod og gratulera; sistpaa fekk
han ei Kjenning av at det visst var noko meir, Guten
hadde aa segja, noko som han vreid seg for; han tøygde
dette um Festemaale so urimeleg langt. Med ein Gong
slog Laurits inn i ein ny Tone og sagde: „aassen lever
du forresten?"
Georg svara at han livde godt, og at han skulde
gifte seg snart; med Julie Lindner. Laurits gratulera
av Hjartans Grunn. Men —. Han snudde seg halvt
burt. Og so kom han att med same Spursmaale: „ja;
men aassen har du det forresten?"
Georg hadde det berre bra for Resten.
Daa fann Laurits Utveg. „Ja nu," sagde han, „naar du
gifter dej, blir du vel fri for dine Sorger,
Tjenestepigesorger og —; aassen synes du forresten om den
Tjenestepigen, jeg skaffet dej?"
„Hun er gal," svara Georg; han saag paa Laurits
med uvisse Augo. „Hver Gang jeg kommer hjem,
venter jeg at hun skal ha hengt sej. Hun har nok
været Teologen nærmere end du tror."
Laurits hadde snutt seg heilt burt; han saag ein
Kjenning der inne, sagde han, og var burte som ein
Skugge.
Georg stod og saag etter han eit Grand. So riste
han paa Hovude og sette seg. Var det noko i Vegen
med Guten?
Der sat Bjølsvik med tomt Glas og tala um
Kunsten, som „hadde det so magert som ei Loppe paa ei
Grind"; Juristane brydde seg ikkje um Kunsten,
Bøn-dane brydde seg ikkje um Kunsten; Grosserarane gav
Kunsten Fanden; og Bladi —; dersom Skreddar Hansen
heldt Foredrag paa Rasmussalen um det absolute Veto,
so hadde Bladi tri Spaltur um det, og dersom ei Kjering
braut av seg ein Fot, eller ein Unge vart hala uskadd
upp or Akerselvi, eller dei fann ei stor Potet paa
Ringerike, eller dersom ein Hane varp eit Egg — ha,
ha, ha, ha! der vart Laatt av dette. Nei; vilde ein tena
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>