- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
377

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

377

Juberg var hjaa henne ein Dag; „synes Di ikke Di
bor noksaa bra her?" Aa, ein kunde vel ikkje vente
det betre, svara ho. Han baud henne Arbeid eller
Pengar, og tala um ein svært snild Mann som ho kunde
faa Plass hjaa, ein einsleg Herre. Strakst etter kom
Georg Jonathan. Han vilde laane henne Pengar sjølv,
sagde han, dersom ho jaga fraa seg Juberg. Det gjorde
ho meir enn gjerne; og daa Juberg næste Gongen
forstod, at ho klara seg utan honom, banna han og gav vondt.

„Men vi træffes nok igjen," var det siste han sagde
til henne.

Smaatt um Senn vande ho seg til Live her. Og ho
lærde aa bite fraa seg. Vart Madam Paalsen vill, kunde
Helene segja henne Sanningi so ho tagna. Og naar
Kjeringi kom og vilde laane Pengar, som ofte hende,
svara ho nei. Skomakaren gav ho paa Tranten ein
Kveld, so han ikkje kom att oftare med den Fillefyrkja si.
So vart det svalare i Vére; og Helene kom seg so
smaatt. Siste Helvti av Juli var det regnlegt og svalt;
det meste av August like eins; og so kunde ho koma ut
ein Gong imillom no, daa Kveldane tok til aa myrkne.

Ho fekk barnvondt ein Laurdagskveld i Fyrstningi
av Oktober. Jordmor sende Madam Paalsen Bod etter;
ho var halvfull daa ho kom. Helene hadde vondt yvi
all Maate. Det var ikkje berre det med Barne, sagde
Jordmori; det var noko anna attaat; og det einaste som
kunde hjelpe for det var Brennevin. Der var ei Gjente
i Huse som hadde ein Skvett Konjak; men den vilde
ho ikkje vera av med; det var ikkje aa faa att fyrr
um Maandagen no. Helene stridde igjenom ei fæl
Natt. Daa Morgonen kom, og ho ikkje kjende seg
god til aa halde ut slik Pine lenger, fann ho paa aa
sende Bod til Georg etter Konjak. Han hadde ikkje;
laut ut og laane; langt um lengi fekk ho det vesle han
torde sende; det meste gjekk elles i Madam Paalsen
og Jordmori. Mot Kvelden kom Barne. Det livde,
men saag skralt ut; Jordmori sagde: „jæ tænker det er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0387.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free