- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
378

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

378

MANNFOLK 378

best vi døyper dæ’, jæ." So døypte ho det. Det
skulde ha heitt Hilda etter Helene; men Jordmori tok
i Miss og sagde Gunda. Det kunde elles vera sliks
Slag.

Helene laag lengi. Ho hadde ikkje so vondt
nettupp ; men ho tottest tydeleg kjenne, at det var noko som
den hardhendte Jordmori hadde rivi sund i henne. Og
ynkeleg kraftlaus var ho. Daarlegt Tilsyn fekk ho av
Madam Paalsen au, so det var eit Under at Live
hekk i henne. Endeleg kom ho so vidt, at ho kunde
vera uppe ei Stund um Dagen; sidan gjekk det fort
fram. Barne stelte ho etter sitt beste Vit; og det saag
ut som det skulde faa liva. Det var svært rolegt og
stilt. Snild Gjente; skreik gjorde ho mest aldri.

Helene var glad i Barne sitt; der var Selskap i det.
Naar ho var uppe sat ho og sauma paa Barneklædi,
men helst paa Daapsskjorta; og dette Arbeide var
hyggjelegt. Ender og Gong gjekk ho burt aat Sengi og
saag etter um Barne sov. Og Barne sov mest alltid.
Daa kunde ho kjenne seg glad; og ho bøygde seg ned
mot det sovande Andlite og sukka: ja, sov du, Stakkaren!
du skal ikkje lide vondt, so lengi eg kann hjelpe deg.

Men so var det det, at ho snart laut tenkje paa aa
faa Barne burtsett. Det gjekk ikkje for henne aa liva
lengi paa denne Maaten; og ho fekk dertil stræve for
tvo no. So sat ho og braut Hovude med, kvar ho
skulde gjera av vesle Gunda; men det var tunge
Tankar; for det var ikkje sagt korleis Gunda fekk det,
naar ho kom til framande.

Naar Helene sat og tenkte paa dette, kunde ho bli
so sorgfull og leid av seg at ho grét. Aa nei, nei, at
ho skulde ha vori slikt eit Svin; at ho skulde ha stelt
seg so ulikleg. No fekk ho svide for det; og anna
kunde ho ikkje vente. Men so gjekk ho burttil Gunda
og kviskra til henne, og kjælte for henne og sagde at
ho turvte ikkje vera rædd. Du skal ikkje lide av di
eg hev fari stygt aat, sagde ho.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0388.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free