Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
MANNFOLK
383
uppe i Kore og stelte med nokre Skinnfeldar. Det var
ikkje Skinnfeldar. Det var Prestar; og no kom dei
skridande ned Kyrkjegolve med Hendane ihop yvi
Bringa og sagde Amen; for no var det slutt. Barne hadde
døytt; no skulde det i Jordi. Han stod sjølv og skulde
slaa Loke paa Kista. Men han fekk det ikkje til;
Ungen laag og fikta med Armane og skreik — skreik ja.
Han skvatt upp.
Barne laag i ei ny Rid; det var blaaraudt i Andlite;
Maalet skalv i Halsen paa det, so Jonathan vart nervøs;
han gjekk burt og saag paa det; stod ei Stund og
drygde; kanskje gjekk Ridi yvi. Men so kom dette
Skrike, dette ville, himilropande Skrike, midt imillom
ein Helvites Laatt og ei Helvites Jamring; det var til
aa faa vondt av; han vilde vekkje. Men Helene reiste
paa seg i Svevnorom; ho kunde ikkje faa upp Augo;
byssa paa Barne sitt med bleike, sovande Lippur, og
stelte um det med magre kvite Hendar som skalv.
Og ho sukka av Svevn, men byssa og byssa; so tagna
Barne, og ho seig attende i den djupe Svevnen sin;
hadde visst berre drøymt.
Men ut ikring Klokka tvo maatte han vekkje. Der
kom ei Rid som ingin Ende tok. Helene drog ein
Sukk so saar som ho skulde døy, og arbeidde seg upp
or Svevnen som or eit djupt Vatn. So kravla ho upp;
reiv Svevnen or Augo; sette seg paa Sengekanten med
Barne paa Fange. Ho gav det Dropar og bad halvt i
Ørska for det til Vaarherre.
Det vart ei svær Rid. Den stygge Hostingi som ikkje
kunde verte til Hoste, den kom att kvar Stundi, og skar
seg gjenom den tunge Lufti som Rop or Helvites Pine.
Aa Herre Gud i Himilen, bad Helene; aa Herre Gud
Fader i Himilen hjelpe deg, vesle Armingen; aa Herre
Gud hjelpe deg, som lid so uskyldigt. Ho tok det uppatt
og uppatt; Jonathan sat og høyrde paa; og det sette seg
ein Knute i Halsen paa han som han ikkje kunde svelja.
Ridine gjekk paa i burtimot tvo endelause Timar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>