Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
396
MANNFOLK 396
endelaus Ro. Lufti var høg og klaar og minte um
Haustluft. Aai gjekk halvturr og drog seg i Smaastein
og Sand; Vieren stod etter paa Breddine og sturde
reint aaleine.
I Sümarfritidi kom tvo unge Døtrar heim, Emma
og Anna, og ein Son, Karl, og daa vart det likare. Det
kom eit nytt Lag yvi Prestegarden, noko ungt og
annvint, ei glad Uro som kveikte alle upp. Det var Liv i dei
unge Frøknine, og Hyggje hadde dei med seg; Presten
sjølv yngdest upp i denne Tid. Millom Døtrane og
Gamlemor var det som ei still Høgtid. Og so snilde
som dei var mot Kristian, og mot Bine, Syster si, som
dei fekk med paa baade Moro og Leik. Og der var
Leven og Smaaferdir til Sæters og til Fjells, og i eit
stort Vatn der uppe laag dei og rodde og baska og
freista Fisken. Laurits høyrde til Huse og var alltid
med. Karl var ein stød, aalvorsam Gut, som han lika;
Gjentungane var snilde og greide. Iser var der eit
Mas med Anna; ho hadde alle Slags Ting aa fara med,
og Rett vilde ho hava jamt; Laurits hadde mang ei Trætte
med henne. Men dei var gode Venir i Grunnen; og
dei kunde gaa i timevis og tatle og tøve, liksom det
galdt aa fylle Storthingstidende. Det var ikkje um
Kvinnesaki, og ikkje um Trui, og ikkje um Politiken
dessmeir; aldri eit einaste Ord um dei store
Livsspurs-maal; dei rødde um ingin Ting; men Moro var det.
Det var so trygt og unelegt aa vera saman med Anna;
ein tenkte ikkje paa meir daa; alt fall likefram og greidt;
men det vart aldri Tid nok; alltid laut dei skiljast midt
i sine Raadleggjingar. Noko framifraa var det ikkje
ved henne; ho var som Folk flest. Eit lite nett
And-lit hadde ho, og eit Par glade Augo som vart aalvorlege for
inginting. Store Tankar hadde ho visst aldri tenkt;
det var berre Smaastell ho for med. Men Liv var der
i henne; og slikt eit Lag ho maatte hava til aa stelle
i eit Hus!
Men Frimaanaden var slutt fyrr nokon vardest. Og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>