Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
MANNFOLK
397
so drog dei. Heile Huse var ute og sagde Farvel. Og
dei veifta med Lümmeplogg og Hattar og ropa: Adjø,
Adjø, behagelig Tur! Bine, den halvgamle, hadde krabba
seg upp paa ein litin Stein; der stod ho og saag etter
deim og gløymde aa veifte. Det magre Andlite folna
og folna og vart so stygt. Det var som ho stod aaleine
paa Strandi og saag at Baaten rodde fraa henne. Og
Taarune rann og rann.
Og so vart alt stilt att. —
— Dagane gleid. Og Vikune fekk Ende; og naar
dei hadde Ende, var dei stuttare enn alt stutt. Det
hadde aldri hendt noko.
Endeleg hende det noko; det kom Brev fraa Georg
med Kristianianytt.
Peter Tordenskjold og Frue skulde reise til Italia.
„Hun har Satan lyne mig giftet seg for den Tings
Skyld; det er en forstandig Dame."
Mark Oliv hadde Revisjonsarbeid for Storr; han
arbeidde til Klokka 2 um Natti. Men der skal Kule
til ein Trønder, meinte Markus Olivarius.
Det var eit Par Folk som lika seg ihop. Der
turvtest ikkje „Lov og Statens Surring".
Um Bøchmann og Frue var lite aa segja. „De sees
ved Middagsbordet."
Maalaren Bjølsvik rangla i seinare Tid. Just no
skulde han taka seg upp; Bladi roste han; ei Sæter
hadde han gjort som Folk lika; og eit nytt Bilæte,
„Vinterkveld", som Kunstforeningi hadde kaupt, sagde
Gabriel Gram var det beste som var gjort i Lande.
Men Bjølsvik var like sæl um alt no; han sat paa
Grand og baktala „Kvinfolka". Han hadde
Kjærleikssorg, sagde Peter Tordenskjold.
Gabriel Gram leitte med Ljos og Lykt etter ei han
kunde gifte seg med, men torde aldri slaa til; for det
skulde vara heile Live. Naar han var fyllesjuk, vilde
han gifte seg med ei Tenestgjente.
Mange rare Sellar kunde ein finne naar ein gjekk
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>