Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
MANNFOLK
409
for din Part maa ikkje innbille deg at du slepp gjenom
Verdi med heilt Skinn; du er ikkje soleis skapt.
Visste eg kva eg skulde gjera, sukka Laurits.
Veit du kva du skal gjera nokon Gong? svara Georg
spottande. Du driv vel i Veg paa ein Maate no som
elles; men fyrr du lyg for Gjenta di skal du tenkje
yvi ein Ting: den som tek Fanden paa Nakken maa
bera han fram. Fanden er tung aa bera paa gjenom
Live, Laurits.
Eg skal bera alt, fær eg henne med meg, sagde
Laurits.
Ja; so tak Fanden paa Ryggen og ber han fram.
Ei Gjente kom og sagde, at der var innsett. „Du
spiser rned, Laurits?" sagde Georg; „vi har Skinke og
tiaarsgammel Akkevit. Kom naa!" Laurits fylgde; han
vilde gjerne sjaa Julie.
Denne var vakker og brun som fyrr; eit Grand
bleikare. Ei søt ung Frue var ho; ingin skulde tenkje at
ho hadde livt vilt. Det einaste kunde vera at ho
kannhende var noko meir Frue enn det turvtest.
Det vart bytt Ord um Live til Fjells; og Julie sagde
at ho vilde der upp ein Gong. Kantorlive hadde teki
paa henne.
Dermed kom ho inn paa, at ho ein Gong hadde
tenkt aa freiste Teaterlive. Og ho fortalde um Fru
Hauge, „gamle fine Fru Hauge", som ho hadde vaksi
upp hjaa, og som no laag paa det siste. Julie hadde
vori nede og set um henne. „Tænk Dem, den gamle
Dame laa og fantaserte og innbilte sej, at jeg var
Skuespillerinne allikevel." Men som vel var, det Live hadde
ho aldri traatt etter. „Som Kontordame har jeg havt
det meget mere roligt naturligvis; og jeg var heldig;
jeg kom inn paa et af de største Kontorer i Byen, hos
Storr, Di vét, hvor jeg ogsaa lærte at kjende min
nuværende Mann."
Laurits glytte paa Georg; han sat so aalvorleg som
ein Sokneprest.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>