- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
414

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

414

MANNFOLK 414

naar ein er so ikring 30, so vert ein so underleg
aaleine, og daa er det berre slik ei Gjente, som kann —;
men det forstend ikkje De. Og ho, Stakkar, ho trur
paa denne Fyren; ho sét all si Lit til denne Fyren,
ser De. Ho hev vist ifraa seg den eine Friaren etter
den andre for hans Skuld; og no kjem det ikkje fleire
Friarar. Og ho duger ikkje til aa liva aaleine heller;
ho vert hysterisk, ser De, og Fanden veit alt; og no maa
han segja henne ifraa seg; for han hev havt Sjukdomen.

Tæring? spurde Laurits.

Nei, det andre, svara Kvaale. Liderleg Hund, ser
De. Forbanna liderleg Hund. Som me er alle. Og
so gjorde han som — ja De veit; naar ein skal velja
millom det verste og det næstverste — all right. Han
var ein skikkeleg Fyr i Grunnen; men — naa, slikt
hender. Slikt hender. Og der gjeng ho og trur, at
han er ein Guds Engel, og ventar paa han Aar etter
Aar, og hev vist fraa seg den eine gode Guten etter
den andre; og no kjem der ikkje fleire; og no maa
han segja henne upp. Svine. Skulde ha gjort det
for lengi sidan.

Det er fælt, sagde Laurits.

Ja men det er verre, tok Kvaale i. For han segjer
henne ikkje upp. Han hev ikkje Mod, stakkars Krypen.
Han sét det upp fraa Tid til Tid. No er han 30 og
ho er 31. Ho hev venta i seks Aar, og ho ventar i
seks Aar til; all si Lit hev ho sett til honom. Kva
skal han gjera, Stakkaren.

„Han burde henges!" sagde Laurits.

Ja han burde so, svara Kvaale. Men han vert ikkje
hengd. Gud veit um han hengjer seg sjølv dessmeir.
Eg kjenner Guten. Han er ein Skarv, som ikkje segjer
henne upp; han vilde vera ein Skarv, dersom han
sagde henne upp; der sit han. Han er glad i Gjenta,
og han hev vondt av henne; Aar etter Aar; gjeng ho
og ventar paa han; Aar etter Aar; dei andre hev ho,
vist fraa seg for hans Skuld; all si Lit —.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0424.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free