Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
MANNFOLK
415
Kvaale tagna. Daa Laurits skulde sjaa seg til, sat
han og grét; stride Fylletaarur rann ned yvi hans
skakke Andlit.
Var det seg sjølv, han hadde fortalt um? Dette
var uhyggjelegt. Uviljande flutte Laurits paa Stolen;
her sat han kanskje saman med ein øydelagd Mann.
Gudskjelov. Sjølv var han ung og frisk. Verdi var
nok ikkje so fin som han tenkte.
Nei; gifte seg; og so Gjenta upp paa Hybelen!
gneldra Kvaale; han tok ein stor Slurk av Pjolterglase.
Ja det er snaalt, heldt han fram um ei Stund, han
vart meir og meir dauv i Tonen; det er snaalt aa sjaa
paa alle desse defekte; ein Fot, ein Arm, eitt Auga
gjeng dei med; falske Tennar, falskt Haar, løynleg
Skam, løynlege Sjukdomar; men hinkar i Veg! Hinkar
i Veg som inginting var, og vil Fanden ikkje døy!
Gjev meg ein Toddy til, sagde Laurits til Guten.
Men det skal koma ei Tid, mulla Kvaale halvt for
seg sjølv; det skal koma ei Tid, daa det er likso stor
Skam aa vera sjuk som aa vera fatik. All Sjukdom
skal vera Skam. Men fyrst maa me faa Ende paa
denne Doktarhumbugen. Den gjeng Folk aa liter paa
no; liter paa Doktaren og øydelegg seg for eit godt
Ord . . .
Og so Byane. Dei maa burt. Brenne Byane. Ein
Hage um kvart Hus, stor nok til aa føde ei Ku. Her
gjeng dei i vond Luft; og sit inne all Dagen og gjer
inginting; og so vert dei liderlege og sjuke og visnar
og valnar. Men no hev me Telefonen, Telefonen —.
„Du Fyr? en halv 01! til Trøst og Troens Bestyrkelse."
Kva Fanden gjer det, um eg gjeng utfor Bryggja i
Kveld? heldt han fram.
No er De for melankolsk, meinte Laurits.
„Ikke Spor af melankolsk; ikke Spor af melankolsk,"
svara Kvaale.
Pytt; det var ikkje faarlegt aa liva, naar ein hadde
ein Drope Blaasyre heime i Skaape. Det skulde kvar
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>