Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
418
MANNFOLK 418
knapt. Brüka Raadir —? Fy, ikkje naar det var henne.
Vesle Laurits vart raud av Skam; aldri i Verdi naar
det galdt henne.
Halve Fyrimiddagen gjekk han att og fram i Rome
sitt og tenkte; men ingin Veg kom han. Ingin Veg
kom ein utan Mynt. Og han som kunde ha vori rik!
Det hadde vori Pengar etter Bestemor. Men deim
hadde Far hans gjort Ende paa, eller vel helst Mor
hans, ho som vilde hava allting so stort og gildt. Tenk
um Verdi var slik som Georg Jonathan stundom tøvde
um: at ingin var rik, men at alle med rimelegt Arbeid
tente so vidt at dei fekk „til Mat og Giftarmaal"!
Gud trøyste Laurits Kruse; han fekk vel berge seg
han som andre; kunde han faa Dagmar Dyring ein
Gong um eit Par-tri Aar eller so, maatte han vera
glad. Ikkje skræme henne ifraa seg no, kor som gjekk.
Ein gav ikkje upp ei slik Gjente for ein Smaating
Skuld. Ein Gong sidan, naar ho kjende han betre,
skulde han kanskje fortelja alt. So visst som ho heldt
av han, vilde ho sjølv ynskje at han tagde med slikt
som kunde skilja deim aat. Han paa sin Kant skulde
meir enn gjerne tilgjeva henne um ho tagde —, ja
dersom det hadde vori noko, det med Bjølsvik.
Berre ho elska han no! — Han hugsa dei mange
Brevi fulle av berre Tankar; og han hugsa dei Ordi
ho hadde sagt med so rolegt Mod: at ho ikkje vilde
„gaa op i det at vera forlovet" . . . Naah. Han tok
seg i det; ein hadde ikkje Rett til aa tenkje so um
Dagmar Dyring.
Men dei hadde vori kalde, dei siste Brevi. Ei Rædsle
tok han; han maatte til henne, han maatte faa Tak i henne;
halde henne fast, so ho ikkje gleid ifraa han; ljuge;
han skulde ljuge og banne paa det; han skulde segja
henne alt det ho helst vilde høyre; han skulde —.
Eit Braasinne koka upp i han mot Helene. Dersom
det Menneskje paa nokon Maate kom i Vegen for honom
og Dagmar, so skulde han drepa henne! Han skulde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>