Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
420
MANNFOLK 420
Ho saag uglad ut.
Det var ein litin Ting som hadde hendt henne, og
som kom for henne mang ein Gong. Paa ein Fest i
Arbeidarsamfunde hadde ho set Bjølsvik saman med
den unge Fru Jonathan. Dei tvo hadde gjort Kur til
kvarandre; det hadde ho set. Tydeleg hadde ho set
det. Og det hadde gjort henne vondt. Dersom det
var sant det Folk fortalde um Fru Jonathan, og det
skulde vera sant, so maatte ho vera eit simpelt
Menneskje; og Dagmar kjende Sorg yvi at han skulde halde
Lag med ei slik. So sterkt hadde dette tyngt henne,
at Natti etterpaa hadde ho mest ikkje kunna sovi.
Urolege Tankar hadde kveikt seg i henne: um det
kann-hende likevel skulde vera Bjølsvik ho burde tenkje paa?
Morgonen etter hadde ho klaart og rolegt vist alle
slike Tankar burt. Den rette maatte vera den som
forstod henne; og det var ikkje Bjølsvik. Ho hadde
gjevi sitt Ord, og det skulde staa; ho vilde ikkje vera
uvederheftig som eit Mannfolk. Men endaa kunde
Tankane koma att. Tenk um no han kasta seg burt! um ho
ikkje hadde vori som ho skulde imot han!
Ho var i det heile leid av seg. Ho dugde til ingin Ting;
og ingin hadde Bruk for henne. Det ho hadde aa gjera var
smaatt og spreidt; inginting fyllte henne; alt vart upp
i Plukk; aldri noko aa samle seg paa; aldri noko
Utslag. Og so kunde ho ikkje so mykje som syrgje yvi
dette heilt og sterkt; ho gjekk berre og var smaaleid,
smaakeid; hadde ikkje Ro. Og Gud veit um ho kunde
segja med Sanning, at ho elska den som ho hadde valt
seg. Ho hadde Godhug for han, og ho trudde han
godt; men det aa elske var noko meir, kannhende. Ho
burde ikkje ha gjort det av so fort. Ho burde ha venta;
det hasta daa ikkje med aa gifte seg. —
— Bleik som ein Friar stod Laurits ute paa
Trammen og ringde paa; og Hjarta hans slog, so han høyrde
det heilt upp i Hatten.
Ho kom sjølv ut. Det var som ho kvakk med det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>