- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
421

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

421

same ho saag han; men strakst vart ho glad; svært
glad.

So dragande ven hadde han aldri set henne. Den
friske Munnen feste Augo hans seg ved, den
kirsebærfriske Munnen; den drog; han skulde ikkje; men ho
venta det visst; det vilde vera rart um han ikkje —;
han famla seg inn til henne; fann Munnen; var sæl
ein halv Sekund. Men han skulde visst ikkje ha gjort
det. Ikkje enno.

Ein simpel graa Heimkjole sat tett og vakkert um
henne; kvar ny Kjole han saag henne i klædde henne
best. Ho var so mjaa og jomfrueleg og ung. Og so
den veldige Haarfletta i Nakken.

Daglegstogo var utan all Stas. Der var ikkje
koselegt heller; men ho var her; og ender og Gong fekk
han sjaa henne inn i Augo. Ho var so kjærleg imot
han i Dag; ho gjorde seg fyri med aa vera kjærleg.
Ho lo aat han av di han var so „solbrændt og
rustifi-ceret". Alle Syndir og Sorgir kom burt som i ei Töku;
det lét seg ikkje gjera aa faa deim med her inn. Men
han burde ikkje ha kysst henne. Ikkje endaa.

Gamle Dyring var svært kvik; han gjekk i eit
usløk-kjelegt Sinne for det absolute Veto. Dei sat ei Stund
og tala um dette; Dagmar fann fram Vin; Laurits
fortalde det han visste um Politiken i Fjellbygdom.

Gamlingen gjekk ut daa det leid av eit Bli; han
skulde eit Ærend, og so skulde han innum i Samfunde
og sjaa, um der var noko stygt i „Morgenbladet".

So var det Dagmar og Laurits.

Han heldt paa med Politik; det som han skulde tala
um kunde han ikkje koma innpaa. Det vilde falle so
rart; det var so ugreidt; ein fekk drygje til det kom av
seg sjølv . . . Men ho tenkte visst og paa andre Ting;
han fekk henne berre halvt med paa Politiken. So tok
han til aa spyrja um Kjenningar. Ho fortalde um den
og um den; der var so lite aa fortelja. Jau der var
det um Frida Westgaard, „som begynder ordentlig aa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0431.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free