Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I.
Thi ser I til, som aarle opstaa — Og sidde om Aftenen
silde — Med Sorrig, Arbeide og stor Vantro — Saa
ville I gjøre eder rige: — med Kummer I æde det
harmelig Brød, — Thi Gud giver sine baade Klæder og Fød’,
— Naar de monne sødelig so—ove, — song dei inne
hjaa han Ole Johannes Sørbraut ein sur, kald Maandags
Morgon i April.
Dei heldt Bøn kvar Dag i dette Huse; for Ole
Johannes var paa sin Maate ein gudeleg Mann. Han var ikkje
vakt; og alt um han stundom hadde freista paa aa
um-vende seg, so hadde han ikkje fengi dette til, totte han;
so det laut vera til han vart gamall og fekk betre
Stun-dir. Men han tenkte likevel at det var best aa halde
seg til Guds Ord so mykje ein kunde; han heldt Bøn
kvar Morgon, og i desse Bønestundine maatte heile
Huse vera med.
Fyrst song dei ein Salme; so las Ole Johannes Bøni
i Salmeboki, og dessutan stundom eit Stykke i
Skattkista; for Ole Johannes var god til aa lesa; sistpaa bad
han Fadervaar og Herren velsigne og bevare dig. Det
var ikkje alltid at Salmen av Kingo høvde til Stykke i
Skattkista; men det gjorde det same; det var Guds
Ord alt; og Guds Ord hadde ein alltid godt av aa høyre.
I Dag raaka det elles so til, at Salmen og Teksti høvde
godt ihop. Dei gjekk baae ut paa, at me ikkje skulde
7
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>