- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
8

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

syte for Mat og Klæde; Vaarherre vilde sjølv syte for
alt slikt. Fødde ikkje Gud Sporven paa Take og Lilja
paa Marki, endaa dei korkje saadde eller spann; og
var ikkje me mykje meir enn dei? Skattkista minte
tilslutt um Enkja i Sarepta og um Enghønune i
Øyde-marki, og tala strenge Ord um den Vantrui som gjorde,
at i Staden for aa slaa vaar Lit til Vaarherre so gjekk
me og stræva og sytte for desse arme jordiske Ting,
liksom det var me som kunde faa Grase til aa gro eller
Korne til aa vekse.

Vesle Daniel, som no var ein Gut paa 13 Aar, lika
baade Salmen og Lesestykke, og ynskte berre at dei no
vilde liva etter det. Men daa Bøni var lesi, og Ole
Johannes tok med seg baade han Lias — eldste Sonen —
og han Reinert — Tenestguten — og Daniel ut i det
surkalde Vére paa Vaaraann-arbeide — hu! daa var det
ikkje fritt for at Daniel totte dette var ein underleg
Maate aa liva etter Guds Ord paa.

Det heldt paa med Blaastr og Smaaslut, so det var
reint ufjelgt aa arbeide. Daniel tenkte paa si varme
Seng, og paa Stogo der heime som Mor visst no hadde
sopa og fengi varm, so der var koselegt aa vera. Hadde
no berre desse vaksne havt Vit til aa tru paa det som
stod med klaare og reine Ord i Boki! Vesle Daniel gjorde
baade undrast og harma seg. Han sette seg fyre at han
vilde spyrja Far sin ut um dette. Totte Folk det var
Moro aa gaa slik og træle ? Eller var det ikkje sant
det som stod i Boki? Aa, han kunde koma med mange
Spursmaal um dette, totte han. Men naar han skulde
til, blygdest han; og det hadde so nær gjengi som det
vanleg gjekk, naar han tenkte paa aa segja eller spyrja
um noko: det hadde so nær ikkje vorti av. Men som
Daniel stod der og skugra og fraus og var reint ille i
Lag, stana Ole Johannes med Plogen like ved han; og

8

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free