Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ingin annan var paa Høyrslemaal. Daa skaut Guten
Hjarta i Live, snudde Ryggen til Far sin, snugga seg
og fraus og sagde: «her er ufyse aa vera ute i Dag.» —
«Aa ja,» meinte Ole Johannes; «men vil me ha Mat til
eit anna Aar, so lyt me nok vera ute.» — «Ja men...
kvi stend det daa slikt i Boki... som det me las i Dag ?»
stota Daniel; han stanga med Moldgreipi i Treskoen sin;
det var fælt rart aa koma med slike Spursmaal. Ole
Johannes vart reint forundra, ja mest rædd. Kor kunde
Guten koma paa sovori? Endeleg sagde han, og slog
paa Gampane til aa faa deim i Gang att: «soh! hypp!
Der stend det i Boki, Far min, at... soh! vil du goh!...
at den som ikkje vil arbeide, skal heller ikke æde; veit
du ikkje det? Hypp! soh!» — Gampane vreid seg seint
og syrgjeleg fram i Selen att, strita og sterta og kom
endeleg i Veg, magtlause og arme som dei gjekk der
og slong i den tidlege Vaaren. Og Ole Johannes skeivla
avstad etter Plogen og tenkte med seg: «jamenn er
der Hovud paa Guten; han er mest for god til aa vera
Bonde.»
Men Daniel stod etter motfallin og litin og undrast
paa, at alltid skulde daa dei vaksne hava Rett.–
— Vaarvinna var endeleg slutt; no skulde det vera
Skule ei 3—4 Vikur millom den og Slaatten. Ole
Johannes lika ikkje denne Skulebolken midt paa Fyrisümaren;
for daa hadde dei Bruk for Smaagutane heime. Og det
var ikkje fritt han slog paa, at det var best Daniel var
heime av Skulen i Aar. Men daa vart Daniel reint utav
det. Skulen var det gildaste han visste. Der slapp han
aa arbeide; der fekk han leike seg i Sundagsklæde saman
med Felagar; og inne i Skulen greidde han seg, so at
han lika seg der med. Han maatte paa Skulen! So gjekk
han til Mor si og sutra og bad for seg; og ho Mari laut
daa som vanleg vaaga Trøya for Guten sin. Og ho fekk
9
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>