- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
11

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjekk av seg sjølv, og gav dei rikaste Fruktir for mest
inginting. Derimot etter Syndefalle hadde Natturi vorti
so vrang og forvend, at ho berre gjorde Motstand mot
Menneskje; Arbeide no var ein tung Trældom i Sveiting
og Stræv; og endaa gav Jordi so lite av seg, at det
berre var so vidt me kunde liva. Dette totte Daniel han
forstod. Arbeide var ei Straff! Det var som naar dei
sette vonde Folk paa Tukthuse. Aa den Skarven den
Adam, som berre for eit einaste Eple hadde ført all
denne Trældomen yvi oss; og det han som hadde Hagen
full av Eple og Kirsebér, som han kunde eta av so
mykje han berre vilde!

Men, heldt Læraren fram, maatte ein ikkje segja at
Gud var streng, naar han straffa oss paa denne Maaten ?
Var det ikkje stygt av Gud aa leggje so hard ei Tyngsle
paa oss? Daniel visste at ein maatte ikkje segja Gud
gjorde noko som var stygt; han svara hugheilt nei,
endaa han i Grunnen undrast paa, korleis Læraren vilde
klara dette. Men det viste seg, at Læraren her som elles
visste korleis han skulde klara det. Nei, sagde Læraren;
det var ikkje stygt av Gud. Tvertimot! For etter
Syndefalle trong me um aa arbeide i Slit og Stræv; elles vilde
Syndi faa altfor stor Magt med oss. Det var eit gamalt
Ord som sagde, at Lediggang var Satans Hovudgjerd;
og var ikkje det sant? — Jau. — Jau; det var sant.
Hadde me ikkje denne Trældomen paa oss, so vilde
Djevelen fylle oss so upp med vonde Tankar og freiste
oss so hardt til alt som vondt var, at det vilde ikkje
bli livande for oss paa Jordi. Læraren fekk sistpaa ut,
at endaa Arbeide i Grunnen var ei Straff, so var det
likevel ei Velsigning. Daniel kjende seg reint litin under
all denne Visdomen; det nytta nok ikkje for Smaafolk
aa vilja gjera seg Tankar um nokon ting.

Han vart mest rædd seg sjølv, som hadde so lite Ar-

11

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free