Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
heidshug. For daa maatte den Vonde lett kunna faa han
i si Magt. Men fyrr han vardest fekk han Trøyst mot
denne Suti. Det var ikkje berre Arbeide med Hendane
som var Arbeid, sagde Læraren; langt ifraa. «Kva
meiner de um Presten? Arbeider ikkje han?» Daniel
svara jau, som han skyna han skulde. Og Svare var rett.
Presten, Futen, Skrivaren, Amtmannen, dei arbeidde i
Røyndi likso mykje som me, og stundom meir; «og kva
trur de er stridast: Hand-Arbeid eller Hovda-Arbeid?»
Fleire tok i Miss her. Men Daniel skyna kva Svar
Læraren vilde hava og svara høgt og trygt: det er tyngst
aa arbeide med Hovude. Og Læraren gav Daniel Rett;
gjorde endaa Narr av dei andre som kunde svara so
tankelaust. Dei skulde freiste aa arbeide med Hovude,
liksom Presten, dei, so skulde dei faa kjenne! Den som
skulde sitja baade Natt og Dag og lesa i djupe Bøkar
og studdere framande Maal, ja lesa sjølve Bibelen i
Grunnteksti, so kunde ein nok faa Sveiten ut, meinte
han; dette Arbeide leitte og so mykje meir paa Helsa.
Daniel vart forundra. Men glad ög; no visste han, at
han kunde bli baade Skulemeistar og Prest for den
Skuld; Djevelen fekk ikkje meir Magt med han for det.
Tvertimot, kunde han vel vita!
Han skyna dette um Arbeide no. Det var Slite med
Hendane som var paalagt til Straff; men
Stormanns-arbeide, det var høgt og fint, og gav dertil Ære og gode
Dagar. Og daa han sidan ein Gong i Kyrkja fekk høyre
att det Salmeverse um, at «Gud giver sine baade Klæder
og Føde, naar de monne sødelig so—ove», so skyna han
med ein Gong, at det var Prestane og dei høge som
Gud heldt for «sine» og gav Mat og Klæde medan dei
laag og sov; aa, den som kunde koma i deira Lag. Ja
um ein berre kunde bli Skulemeistar! —
— Ætti paa Sørbraut var ikkje gamal; dei mintest
12
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>