- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
15

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ein maatte tru dei vaska Golve kvar Dag. Og Stolar og
Bord var gjorde av Tre som blenkte; og der var Blomar
i Vindaugo fagre som i Paradis og Forheng so lette og
kvite som Kveldskyir paa Himilen; og paa Veggen var
der Bilsete som var so reint paa ein annan Maate enn
den Jomfru Maria og den Keisar Nikolaus dei hadde
heime, at der var ikkje Liknament. Og blanke
Messing-hamrar i Dørom; og Glasskaap med raude og blaae og
forgyllte Bøkar; og eit stort underlegt Spél som dei
klunka paa so vent at ein kunde graate; og eit kvitt
Marmorhovud uppe paa ei Hylle; og so mange, mange
fine Ting som han ikkje visste Namn paa; og yvi det
heile ein Daam, noko reint og mildt og himilskt; ein
fin Ange som han ikkje kunde forklaare seg, og ein
linn, mjuk, smeikjande Varme som ikkje tyngde, og som
ein ikkje vart svevnug av... aa, aa; det var ikkje til
aa utsegja.

Alt dette bygde seg upp for Daniel til ein Himil paa
Jordi, som han knapt torde drøyme um aa naa, men som
han drøymde um jamt endaa. Di eldre han vart, di
meir tenkte han med seg, at fanst det Raad, so laut
han ut or Trældomen og Tre-Skorne og Vadmaalsbroki
og den laage, myrke Bondestogo. Aa, den som berre var
vaksin!

I Bygdi gjekk der ei stor Fraasegn um Son hans Jo
Kleppe, han fraa Berg Sokn, som hadde vori i Kristiania
og «lesi seg fram til prest». Han hadde stræva i mange
Aar fyrr det vart noko av; for det var nok ein fælt strid
Skule. Gong paa Gong laut han upp til Prøve; og det
gjekk stundom gali og stundom godt. Det hadde nok
spéla reint paa Vite for Guten süme Tidir; men paa
hadde han drivi og fram hadde han vunni; «og no,»
enda Sogo, «er han Prest der nordpaa ein Stad, og hev
kanskje sine 600 Dalar um Aare!» Det var Oskeladden

15

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free