- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
14

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

meistar gjenom Prest og Fut og Skrivar og Amtmann
høgre og høgre, meir og meir glimande, like upp til
Kongen, som stod øvst paa Toppen og var klædd i berre
Gull. Dei som høyrde med i dette Taarnverke var store
og megtige og fine og kloke; men dei som ikkje fekk
vera med der, dei var liksom Israels Born i Ægypti, daa
dei gjekk og reidde Leir for Kong Farao. Berre aa faa
sjaa desse Kongens Tenarar i deira fulle Glans totte
Daniel var ei Høgtid. Som dei steig fram for den
glaa-pande Mugen i sine herrelege Klædningar, strake og
høge, med glinsande blanke Styvlar, med snøkvite
Kragar um Hals og hendar, med blanke Brillur yvi morske
Andlit og med Gullkjedur og Gullringar baade her og
der, syntest dei for Daniel som noko himilskt og
for-underlegt, som han aldri kunde sjaa seg mett paa. Og
so audmjuke som Folk stod, naar desse Storkarane viste
seg, og so bøygd og litin som jamvel den gildaste Bonden
vart, berre han skulde tala med ein av deira
Kantor-gutar! Det var Karar som hadde Magt. Og so fint som
dei tala! Eit Høgtidsmaal var det; det reine Gudsord
mot vaart tunge seine Bondemaal. Og so lærde og kloke
som dei var. Naar dei tala til ein, galdt det berre aa
vera gløgg til aa forstaa, og snøgg til aa samtykkje.
Dei lika det, desse store, naar Folk forstod deim strakst,
og sagde ja med sama; for so slapp dei aa segja det
uppatt. Og um ein kannhende hadde ei onnor Mening,
so maatte ein aldri vera so styvin at ein kom fram med
den so dei høyrde det; nei; med Kongens Tenarer galdt
det aa fara fint; for dei bar ikkje Sverde forgjæves, som
der stod i Katekisma. Det var noko med det fyrste ein
laut lære, det, at ein aldri maatte motsegja ein Storkar.
Og enn slik som det var aa koma inn til desse folk!
Daniel hadde vori med Far sin paa Prestegarden eit Par
Gongir, so han visste det. Der var so reint og fint at

14

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free