Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
deim, meinte Hirsch. Og til hans store Glede viste det
seg, at Guten hadde Gaavur. Det var ikkje nok med at
han lærde Leksune; han skyna det han las, og visste so
merkeleg godt aa finne dei rette Svari. Med stigande
Vonir fylgde Kapellanen Guten ut gjenom Bøkane. Og
sistpaa visste han, at dette var ei bundi Kraft. Han
spurde etter um Daniel hjaa Læraren hans, og fekk
høyre baade av honom og av anna vitugt Folk, at det
var ein Gut med gode Gaavur. Kapellan Hirsch vart so
glad som han skulde ha funni Gull. Og han sette seg fyri
at han vilde freiste aa løyse denne bundne Krafti. Eit
stort Verk vilde det vera. Ein einaste Mann som gjekk
frisk og sterk fram av Folkegrunnen, vilde kunne gjera
meir enn nokon av oss andre i det nationale
Atter-fødingsarbeid; det skulde me her med Guds Hjelp faa
sjaa.
— Daa Daniel var konfirmera, fekk Kapellanen ein
Sundag fat i Far hans med Kyrkja. Og han talde for
Ole Johannes det beste han kunde: denne Guten burde
ein sjaa aa faa hjelpt fram. Ole Johannes vart so
fornøgd yvi dette, at det var so han raudna i sine gamle
Kjakar. Men det vilde no vel bli for dyrt? Kapellanen
svara, at han vilde lesa med Guten sjølv so langt han
kunde, og det skulde ikkje koste nokonting. Daa blenkte
det sterkt upp i Augo hans Ole Johannes Sørbraut.
Dessutan, heldt Kapellanen fram, skulde han tala med
Klokkaren, so Daniel kunde faa gaa fritt paa Klokkarskulen;
det var mangt han best kunde lære der. Ja dette var
fælt snildt av Presten, sa Ole Johannes. Reint overlag
snildt var det; men ... var ikkje Presten rædd det kunde
vera f aar legt for Guten aa faa so mykje verdsleg
Kun-skap? — Nei; Kapellanen meinte at mykje Kunskap
gjorde ein Mann godt; det var 1 i t i n og falsk
Kunskap, som «uppblés». Ja, ja; Presten forstod no det best
2 — Garborg I.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>